Kulturpris 2016 m ordførar.jpg

I sin tale til kulturprisvinnaren minna ordførar Ivar Kvalen først om kva som ligg i statuttane for prisen. Der presiserte han også at Luster kommune vil bruke kulturpris og kulturstipend til å gje betre vilkår for kulturarbeidarar i kommunen, og for å tene som inspirasjon for alle som driv aktivt kulturarbeid. Kulturprisen skal særleg vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid.

Kulturprisen skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning.  Kulturprisen kan delast ut til einskildpersonar, organisasjonar eller institusjonar som har utmerka seg i særleg positiv kulturell samanheng.

I nominasjonen av årets kulturprisvinnar heiter det:

Kandidaten vår har lagt ned eit enormt stort arbeid for idretten, ikkje berre i bygda og kommunen vår, men i heile fylket. Mange vil sikkert hevda også utanfor fylket. Barn og unge i nærmiljøet har i kandidaten vår hatt ein ansvarleg og god leiar, trenar og eit førebilete i over 50 år.

Prisvinnaren har delteke i frivillig arbeid i form av leiarverv, styreverv, trenarverv og dugnadsarbeid generelt i Hafslo i.l., Luster idrettsråd, Sogn og Fjordane skikrins og anna organisasjonsarbeid innan både kultur og næringsliv i fleire årtider.

Han var med å dra i gang turrennet Hafslovatnet Rundt i 1962 som det første turrennet i Sogn og Fjordane, vart trenar og krinsinstruktør og hoppdommar i 1969 og for dei fleste i dag kjend som  «primus motor» for etableringa av Sogn skisenter på Heggmyrane.

Lokalt er prisvinnaren kjend som ein som seier «ja» til det meste.  Ei valnemnd i Hafslo idrettslag har sjeldan fått nei på spørsmålet om å ta på seg eitt eller fleire verv i laget – for same året. Dette er også ein av grunnane til at han har figurert som styremedlem i laget frå 1962 og til 2004. Leiar i laget var han også i 4 av desse åra. Likevel er det skigruppa han har lagt ned mest dugnadsarbeid i, både som leiar og rennleiar på Hafslovatnet Rundt, langrenn, alpin- og hopprenn. Hoppinstruktør har han vore sidan 1969 og til i dag.

I inneverande periode er han også styrerepresentant i Luster idrettsråd, og med bakgrunn i sin erfaring og innsikt i utviklinga av ulike idrettar har han engasjert seg i arbeidet med utvikling og utbygging av idrettsanlegg.

Kulturprisvinnaren var som nemnt aktiv med å få etablert Sogn skisenter på Heggmyrane, og var styreleiar frå 1980 – 1990. Han leia arbeidet med utbygginga av langrenns-  og  alpintanlegget frå 1980 – 1987.

Prisvinnaren har over tid også lagt ned eit stort arbeid i Sogn Skikrins, først som  krinsinstruktør i hopp  frå 1970 - 1980, medlem og leiar av hopputvalet, anleggsutvalskontakt frå 1970-1986,  anleggsrådgjevar for hopp i 1974 og langrenn i 1983 i Norges Skiforbund.

I Sogn og Fjordane Idrettskrins har han vore møtande medlem av styret frå 1974 og nestleiar i perioden 1983-1988.

Han har også konstruert Kvamsbakkane på Hafslo, Kleivabakkane på Langeland i Førde og Seljesetbakken i Hornindal. Han har vore kretsdommar i hopp frå 1984 og forbundsdommar frå 1987.

Og med ein slik bakgrunn er det her også på sin plass å nemna at han har vore aktiv skihoppar frå 1952 til 2004, 5 KM (krinsmeister) - titlar i hopp senior og 3 KM i kombinert senior. Han vart fylkesmeistar i hopp i 1971 og kombinert i 1974 og i 1976. Som veteran har han gjort seg bemerka også internasjonalt under Verdsmeisterskapet der han tok sølv i 1998, bronse i 2003, bronse i kombinert i 1996 og i 2003.

I statuttane for kommunen sin kulturpris heiter det at den skal vera ein honnør for oppofrande kulturarbeid, og at den heller ikkje skal ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men det er heile kommunen sitt ynskje om at me i fleire år framover skal få dele dine erfaringar og nytte kunnskapane dine i arbeidet med å vidareutvikle aktivitetstilbodet for born og unge.

Per Birger Lomheim tok i mot prisen som i tillegg til ein gåvesjekk på kr 20.000 også er ein diplom og ei blomsterhelsing.

Kulturprisvinnar med diplom.jpg