Jerv nrk.jpgRovdyra blir inndelt  i 3 grupper:

  • Store rovdyr som er artene bjørn, ulv, jerv og gaupe blir forvalta av fylkesmannen. 
  • Små rovdyr som er artane rødrev, mår, mink og røyskatt. Desse blir forvalta gjennom vanlege jakttider og mynde ligg hos kommunen.
  • Rovfuglar

Praktiske tips ved funn av kadaver:
· Lat kadaveret liggja mest mogleg urørt, dekk det til for å verna mot åtseletarar. Ta gjerne bilete og noter kartreferanse.
· Merk staden så det er lett å finne att - ver innstilt på å måtte påvise funnstaden.
· Meld snarast frå til SNO sin rovviltkontakt, tlf. 916 24 301.
· Undersøk om det er ytterlegare tap/skader i området.

Erstatning for tap av husdyr
Dersom du som eigar finn kadaver, uansett tilstand, der du har mistanke om at freda rovvilt (bjørn, ulv, jerv, gaupe eller kongeørn) er årsaka til skaden, skal du som eigar melde frå til Statens naturoppsyn. (SNO) sin rovviltkontakt, så fort som mogeleg.
Når husdyr er dokumentert drepe av freda rovvilt (bjørn, ulv, jerv, gaupe eller kongeørn), eller det er sannsynleg at tapet skuldast freda rovvilt, kan det gjevast erstatning. Erstatninga skal dekke tap og følgjekostnader for husdyreigaren.

Søknadsfrist: 1. november. Søknaden skal sendast Fylkesmannen.
Det må leggjast ved kart over beiteområdet.