Her finn du eDialog til Luster kommune

NB: For å bruke denne tenesta, må du autentisere deg ved hjelp av ID-porten.

Slik fyller du ut skjemaet

Du kan framleis bruke epost for enkle spørsmål som ikkje skal journalførast i kommunen sitt sak/arkivsystem. Epost-adressa til Luster er: postmottak@luster.kommune.no

Tenesta er godt egna til å sende inn dokument som ikkje er offentlege til Luster kommune. Kanalen er kryptert og avsendar autentisert. Filene kjem rett inn i kommunen sitt sak/arkivsystem der dei blir fordelt til sakshandsamar.

Vi gjer merksam på at det førebels kun er mogleg å sende dokument i pdf, png, jpeg, tiff, xml, text, mpeg video, mp3 eller wav.

Slik kan du lage eit dokument til filformat pdf:
Om du skriv eit brev i Word, kan du velge "Lagre som" og deretter velge filformat pdf.
Det er og mogleg å hente gratis skanne-app på telefonen. Då kan du scanne dokumentet, lagre det og sende det via eDialog.
Sjå app for din tlf: Android, Apple, Windows.

Tilgjengelegheitserklæring for eDialog