Parkeringskort, løyve til å nytta reserverte p-plassar for funksjonshemma:

Personar som på grunn av manglande evne til å ta seg fram og tilbake til parkeringsplass, kan søkja om parkeringsløyve.
Det må vera medisinske årsaker som er grunnlag for rett til parkeringsløyve. 

Utfylt søknadsskjema, legeattest og to passbilete skal sendast til Luster kommune, tenestekontor v/Gaupne omsorgsenter, Øyagata 17, 6868 Gaupne.
Søknaden blir deretter handsama av helsesjef.

Har du spørsmål til tenesta kan du kontakte Aud Jorunn Høyheim, tlf. 57 68 57 15.

Søk elektronisk om parkeringskort
Papirskjema kan du få på Servicetorget eller på tenestekontoret på Gaupne omsorgssenter.

Ladestasjon for elbil

Det er avgiftsfri parkering på alle offentlege parkeringsplassar i Luster kommune.