Skriv ein søknad som fortel om satsinga du planlegg. Søknadskjema om støtte i næringsfondet finn du i skjema-boksen nedanfor. Snakk gjerne med næringssjef Olav Grov, tlf. 57 68 55 08, undervegs.

Lån og tilskot
Kommunen har eit eige næringsfond, og kan gjennom det gje både lån og tilskot.
Lån vert gitt til fysiske inveseringar: Bygg og utstyr. Låna kan gjevast med rente- og avdragsfri periode på inntil 3 år. Rentefoten er no 2.5 %.
Tilskot vert gitt til utviklingstiltak slik som oppstarting, planlegging og prosjektering, undersøking, produktutvikling, marknadsundersøking og marknadsføring, samt opplæring /kompetanseoppbygging.

I dokumentet «Grunnlag for handsaming av næringssaker» finn du meir detaljert informasjon om korleis kommunen sine tilbod til næringslivet er.

Innovasjon Norge
Bedriftene i Luster kan òg nytte Innovasjon Norge sitt verkemiddelapparat. Både tilskot og lån kan ytast til bedrifter i Luster frå Innovasjon Norge. Innovasjon Norge kan òg yte finansiering til tiltak med utgangspunkt i landbruksnæringa.


Luster kommune har òg fleire støttetiltak i høve landbruket.