(Dette er ei generell personvernerklæring for Luster kommune. Fleire spesifikke erklæringar, som vil vera knytt opp mot konkrete behandlingar av personopplysningar, vil komme snart.)

For å yte gode tenester må me ofte hente inn og behandle personopplysningar om deg. I nokre samanhengar vil me trenge samtykke for å behandle  opplysningane, og i nokre samanhengar vil me ha rettsleg grunnlag for behandlinga, td.  for å utføre offentlege oppgåver.

Om du har gitt samtykke til behandlinga av personopplysingar, kan dette samtykket trekkast tilbake når som helst. Du vil og ha rett til å få slike opplysingar sletta om du ynskjer det. Du har og rett til innsyn i kva opplysingar og kvar Luster kommune har lagra opplysingar om deg.

Grunnleggande prinsipp for behandling av personopplysningar (Les meir i Personopplysningslova artikkel 5)

Personopplysningar skal behandlast:

  • Lovleg, rettferdig, og på ein open måte slik at det er tydeleg for deg kva me skal bruke opplysningane til.
  • Konfidensielt, verna mot utilsikta endring, tilgjengeleg for dei som skal ha tilgang, ikkje andre.
  • Opplysingane skal vere innsamla for eit bestemt føremål, og kan ikkje bli brukt til andre føremål.
  • Opplysingane me har om deg skal vere oppdaterte og rette, og skal lagrast slik at dei sikrar dine rettar og fridomar.

Føremål:

  • Føremål med behandlinga er å tilby deg offentlege tenester eller utføre lovpålagte oppgåver. Me skal alltid ha eit føremål for å ha lov til å handsame personopplysningane dine. (Les meir i Personopplysningslova artikkel 5)

Kva er grunnlaget for at me kan behandle personopplysingane dine:

  • For at me skal kunne behandle personopplysningane dine må me ha eit rettsleg grunnlag for dette. Det kan vere at du har gitt oss eit samtykke for behandlinga eller at me treng opplysningane for å oppfylle ein avtale med deg. Me kan og behandle personopplysingane dine for å utføre lovpålagde oppgåver(heimla i lov/forskrift), eller om me skal utføre rettslege pålegg. (Les meir i Personopplysningslova artikkel 6)

Innsyn:

  • Som hovudregel kan du krevje innsyn i dei opplysningane Luster kommune har lagra om deg. Du kan og krevje innsyn i bruken av opplysingane.  (Les meir i Personopplysningslova artikkel 12 og 15)

Rett til å korrigere/rette opplysingar og rett til begrensing av behandling av opplysingar:

  • Om me har opplysingar om deg som er mangelfulle, eller ikkje er rette, har du rett til å få desse retta og oppdaterte. (Les meir i Personopplysningslova artikkel 12 og 16)
  • I nokre tilfelle kan du krevje at vår behandling av personopplysningar blir begrensa. Dette kan mellom anna vere tilfelle der du meiner opplysingane er feil, og me treng tid for å vurdere dette. ( Les meir i Personopplysingslova artikkel 12 og 18)

Dataportabilitet:

  • I nokre tilfelle kan du krevje at Luster kommune overfører personopplysingane dine til andre behandlingsansvarlege. ( Les meir i Personopplysingslova artikkel 20)

Rett til å få sletta opplysingar:

  • Du kan ha rett til å få sletta opplysningar Luster kommune har om deg, med unntak av opplysningar som er arkivpliktige eller som er naudsynte i høve til rettskrav. (Les meir i Personopplysingslova artikkel 12 og 17)

Deling av personopplysingar:

  • I nokre tilfelle vil dine opplysningar bli delt med andre. Dette kan vere samarbeidsorgan som NAV, Husbanken, eller andre me har plikt til å gi informasjon til. Det kan og vere underleverandørar som utfører oppgåver på vegner av Luster kommune, eller leverandørar som driftar systema våre. Desse vil me ha databehandlaravtalar med, som regulerer korleis dei skal behandle dine opplysingar. Meir konkrete opplysningar om kven me deler opplysingane med kan du finne i dei personvernerklæringane som er knytt til dei ulike behandlingane.

Innebygd personvern:

  • Me vil sjå til at opplysingane dine blir lagra og brukt på ein teknisk sikker måte. Det er viktig for oss at risikoen for deg er minst mogeleg når me behandlar personopplysningane dine. Me jobbar kontinuerleg med å halde oversikt over kva opplysingar me har , skal ha, og som me skal slette når me ikkje lenger har bruk for dei. (Les meir i Personopplysningslova artikkel 24 og 25)

 

Kontaktopplysingar:

Luster kommune:

Krav om innsyn, retting, dataportabilitet, og andre førespurnader kan du sende til:
Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne.
e-Dialog – sikker sending
E-post: postmottak@luster.kommune.no 

For generelle spørsmål kontakt infotorget på tlf: 57 68 55 00 eller personvernombodet (sjå under)

Personvernombod:

Om du har spørsmål til vår behandling av dine opplysningar, er du alltid velkommen til å kontakte vårt personvernombod:

Carl-Richard Nyborg-Christensen 
Telefon: 95201004  
E-post: personvernombod@sysikt.no 

Behandlingsansvarleg:

Rådmann Jarle Skartun er ansvarleg for Luster kommune si behandling av personopplysningar.
Telefon: 57 68 55 03      
E-post: jarle.skartun@luster.kommune.no