Du søka om naudhjelp digitalt, på same måte som du søkjer om sosialhjelp. For å søka sosialhjelp digitalt, må du logga deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerhetsløysingar som Buypass eller Comfides.

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringa NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan eller ynskjer å nytta den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du bruka papirsøknad 

www.nav.no er ope heile døgnet. Om du ynskjer samtale med rådgjevar ved NAV Luster oppmodar me om å gjera avtale via telefon eller chat.
Eventuelt ring NAV kontaktsenter på telefon 55 55 33 33 mellom kl. 09:00-15:00. Her får du rettleiing til innlogging med meir.

Om noko hastar eller du ynskjer å setja opp avtale, kan NAV kontaktsenter vidareformidla melding, og det vert teke kontakt med deg innan to dagar. I ein naudsituasjon kan du eventuelt ta kontakt med NAV Luster direkte på tlf. 96942338.