Eininga har eit overordna ansvar for individuell plan og koordinator. Ansvaret gjeld alle brukargrupper med behov for langvarige og koordinerte tenester og er ikkje avgrensa til habilitering og rehabilitering.

Koordinerande eining i Luster kommune består av: Kommunalsjef omsorg, kommunalsjef oppvekst, leiar omsorgstenesta, helsesjef, konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne og leiande fysioterapeut.

Har du spørsmål ta kontakt med konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne 57 68 57 15.

Individuell plan og koordinator

Alle som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester, har rett til å få utarbeida ein individuell plan (IP).

Ein individuell plan skal:

  • bidra til at brukaren mottek eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.
  • Kartlegge pasient/brukar sine mål, ressursar og behov for tenester på ulike område.
  • Styrke samhandlinga mellom tenesteytar, brukar og ev. pårørande, mellom tenesteytarane og på tvers av forvaltningsnivå.

Både brukar, pårørande og/eller fagfolk kan melde behov for IP. Behov skal meldast til Koordinerande eining v/konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne. Tilmeldingsskjema til koordinerande eining.

Ein av teneytarane blir oppnemnt som koordinator. Brukar sitt ønskje skal vektleggast. Koordinator skal sikre samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med IP. Sjølv om ein person takkar nei til IP, skal vedkommande få tilbod om koordinator.

Luster kommunen nyttar elektronisk IP som samhandlingsverktøy: Visma SamPro

Info om og samtykke til utarbeiding av IP (Individuell plan) PDF document ODT document  
Bruk også skjema dersom det ikkje lengre er behov for IP og koordinator, og planen skal avsluttast.

Har du spørsmål om tenesta kontakt konsulent for menneske med nedsett funksjonsevne 57 68 57 15.

Brosjyre - Ditt liv, din plan. Til deg som kan ha behov for langvarige og koordinerte tenester.

Inspirasjonsfilm om individuell plan og koordinator

Helsedirektoratet har lagt ut ein film der dei har lagt vekt på å synleggjere kva som er føremålet med dei lovpålagde krava.