- Ja, dette var verkeleg overraskande for meg, seier Signe då Lustranytt slo av ein prat med henne etter at all viraken rundt prisutdelinga hadde lagt seg. - Men er svært takksam, legg ho til, og glad for at også min interesse og aktivitet vert lagt merke til og verdsett på denne måten.

- Når du no tenkjer attende på korleis du fekk denne interessa, og for så vidt også vilkåra for å utvikle deg innan teikning og akvarellmåling, kva vil du seia har vore mest avgjerande for din suksess? 

- For det første så har eg alltid lika å teikna og måla. Inspirert av mor mi som også var flink til dette, fekk eg motivasjon og sjølvtillit til å fortsetja.

Men det som kanskje for alvor sette fart i min karriere var møtet med den irske kunstnaren Kristin Jamesson som i 1974 budde her i Luster. Kristin var særleg oppteken av Jotunheimen, ho budde på Turtagrø, og var villig til å bruka tid på meg også. Naturlegvis var eg frampå og henta dei teknikkane og finessane som ho meistarleg kunne, men samtidig opna ho opp ”blikket” for detaljar og effektar.

- Du har måla mange kjende naturmotiv frå Luster, men har du noko favoritt motiv?

Eg er svært glad i naturen, og får inspirasjon i fargar og kontrastar. Tidlegare var eg mest oppteken av å teikna, men no har det vorte akvarellmåling. Denne forma gir svært mange utfordringar i forhold til naturen vår. Det er ikkje til å leggja skjul på at mitt forhold til fjell og vinter liksom har vorte favoritten min. Snø og is, brear og fjell – ja, det er berre å ausa av den fantastiske lustranaturen.

- Men ein blir ikkje lett ”profet i si eiga heimbygd”?

- Eg likar å stilla ut anten det er i Luster eller i Bærum! Det er viktig anten ein målar eller lagar noko anna innan ei kunstform at det er eit interessert publikum, og så er det liksom ekstra kjekt når eg får lov til å stilla ut på Fjordstova, Bryggjehuset, Lustragard og på Pyramiden. Det som betyr mest for meg er at folk likar det eg lagar, og at det er såpass interesse for dette at nokon til og med ynskjer å læra noko av det eg kan gjennom kurs som eg underviser på.

Elles må eg få lov å nemna at noko av det største eg har fått vore med på var ei utstilling som eg vart invitert til å ha i Lismore i District of Watermore i Irland i 1996. Året etter vart eg invitert til å stilla ut på Svalbard og tidlegare i år (2006) fekk eg eitt arbeid gjennom nålauga på Rælingen-utstillingen.

- Skulle du bli utfordra til å sjå litt framover, kva førestillingar og utfordringar vil du då gi oss?

- Ja, først vil eg vel seia at eg er litt bekymra over at mange barn og unge brukar så stor del av tida si med data, video, parabol-TV og andre elektroniske leiketøy. Det som eg tenkjer på er kor lite kreativitet dei får utvikle i seg sjølv. Eg møter også ein del barn og unge gjennom kurs og timar som eg har hatt i ”kulturskulen”, og får stadfesta noko av det eg her har hevda. Eg meiner ikkje at alle skal vera opptekne av å teikna og måla, men det er noko med det at born skal få utvikle meir av sine evner og anlegg enn det som i dag er så veldig populært. Kanskje tenkjer ikkje foreldra over det heller, og noko av det som me likte å stella med i barneskulen den gong eg var barn: formingsfaget, er snart heilt borte – i alle høve i tradisjonell forstand.

- Kva betyr så denne kulturprisen for deg, Signe?

- Først og fremst vart eg glad og audmjuk over at Luster kommune og juryen har valt å gi meg denne prisen - eg lurer sjølvsagt på om eg fortener han - men når det ein gong er vorte slik, so vil eg få sei at eg føler meg inspirert til å fortsetja! Eg har lyst til å halda fleire kurs, eg likar å få oppleva at det gror i mine spor. Heile 82 kurs har eg halde, og eg gler meg kvar gong eg får starta opp eit nytt. Men sjølv om det biletet som vart vurdert til å delta på Rælingen-utstillingen var eit abstrakt arbeid så kjem eg ikkje til å slutta å måla lustranaturen – med og utan is og snø! 

Signe Fortun tek mot kulturprisen 2006.jpg