Kvifor nyttar me Friskus?

Eit av måla med å nytta Friskus er at fleire innbyggjarar skal vera aktive og finna ein aktivitet som passar for nettopp dei. Me veit og at mange ynskjer ei god oversikt over alt som skjer av aktivitetar i kommunen vår. 

Lag og organisasjonar som søker kulturmidlar bør registrere seg i Friskus. Dette på grunn av at vi ønskjer at Friskus skal gje ein god oversikt over alt som skjer i kommunen.

Friskus logo_50x50

Korleis lagar du deg ein brukar?

  1. Gå inn på luster.friskus.com
  2. Trykk på "Logg inn" oppe til høgre på sida for å laga deg ein brukarkonto
  3. Legg inn ditt mobilnummer og trykk "registrer". Fyll inn dine opplysningar og du er i gang! 
  4. Vel Luster kommune i aktivitetskalenderen og du vil sjå aktivitetane i kommunen
  5. Du kan og velje å avgrense til aktivitetar berre for barn og unge osv.

Sjå video under. (for full skjerm klikk på dei tre prikkane nedst til høgre i video og full skjerm)

Friskus logo_50x50

Register din organisasjon

På Friskus kan de visa fram aktivitetar, koordinera og rekruttera - alt på ein stad, saman med andre. 


1. Gå inn på  luster.friskus.com

2. Trykk på BLI ARRANGØR

3. Lag deg ein personleg brukarkonto (sjå over), og fyll inn opplysningar om organisasjonen du representerer. 

Friskus logo_50x50

Korleis opprettar du ein aktivitet?

  1. Logg inn på den personlege brukarkontoen din.
  2. Gå inn i gruppa di. Dette gjer du ved å søkja på gruppa frå søkjefeltet på framsida, gå via “arrangørar”, eller via den personlege profilen din.
  3. Gå til fana “kalender”.
  4. Vel “opprett ny aktivitet”.
Friskus logo_50x50

Fordelar for lag og organisasjonar

  • Enkel administrasjon. Oppretting av aktivitetar og oversikt over deltakarar. Faste aktivitetar kan setjast som gjentakande ut året.
  • Lenke til heimesida, Facebookprofilen og Instagramkontoen (For å kunne dela meir informasjon)
  • Eige meldingssystem. Koordinator kan kontakte deltakarar, og halda jamleg kontakt med medlemar/frivillige eller nye interesserte.
  • Kvalitetssikring. Eigne «sertifikat» for gruppemedlemar, slik at ein kan kvalitetssikra deltakarar dersom det trengs teieplikt eller politiattest for å stilla på oppdrag.

Vidare:

  • Enkel oppretting av aktivitetar og frivillige oppdrag.
  • Marknadsføring saman med resten av kommunen sine aktivitetar.
  • Verktøy for administrering og rekruttering til frivillige oppdrag. 
  • Unikt gruppeverktøy for oppfølging og koordinering.
  • Forenkla publisering. Aktivitetar som går fast kvar veke/månad kan setjast som gjentakande ut året.
  • Meldingssystem. Enkel kommunikasjon med medlemar og frivillige. 
  • Auka synlegheit. Gjer innbyggarane trygg på kven de er som lag, organisasjon eller foreining.
  • Elektronisk medlemsregister. Du kan digitalt registrera og fornya teieplikt, politiattest osb.
  • Statistikk over aktivitetar og påmelde.
  • Automatisk varsel til medlemar om deira aktivitetar. 
  • SMS-teneste. Blir levert som tilleggsløysing. 

Spel på lag med andre organisasjonar i din kommune, og synleggjer tilbodet dykkar. No slepp ein å leita på fleire ulike plattformer – innbyggjarane finn dykk enkelt i ein felles kalender!

Kjelde https://www.friskusas.no/for-lag-og-organisasjoner/

Friskus logo_50x50

Eg vil vere frivillig

Vil du gjere ein innsats for andre? Å jobbe som frivillig er meiningsfullt, kjekt, sosialt og kompetansegjevande.

Kven kan vere frivillig?

  • Du som vil bruke fritida di til å hjelpe andre
  • Du som har blitt pensjonist og opplever at dagane blir litt lange
  • Du som er ung og vil auke livserfaringa di gjennom kontakt med andre menneske
  • Du som er arbeidssøkar og ønskjer å gjere noko meiningsfullt
  • Du som ønsker å vere eit medmenneske

For å delta som frivillig må du registrere deg i Friskus, det gjer du her.
Til nokon av dei frivillige oppdraga må du få godkjenning frå arrangøren.

Friskus logo_50x50

Fordelar for innbyggarar

  • Oversikt. Ein digital aktivitetskalender med oversikt over alle arrangement og frivillig-oppdrag i nærleiken – alt er samla på ein stad.
  • Gruppefellesskap. Ein kan utforska nye interesser, nytta eigen kunnskap og erfaringar, treffa nye vener, og bli trygg før ein melder seg på ein aktivitet.
  • Kjensle av tilhøyrsle. Det er enkelt å ta oppdrag og gjera ein innsats for andre – dette gir verdi for dei som gir og dei som får.

Kjelde https://www.friskusas.no/for-kommunen/

Friskus logo_50x50

Last ned Friskus som app/ikon på mobil

Link til Android

Link til Iphone

Sjå video under. (for full skjerm klikk på dei tre prikkane nedst til høgre i video og full skjerm)

Friskus logo_50x50

Finn du ikkje din organisasjon?

Det betyr at laget/organisasjonen ikkje har meldt seg inn som arrangør på luster.friskus.com enno
Du kan kontakte laget/organisasjonen direkte og be dei opprette ei organisasjonsside, eller du kan ta kontakt med prosjektleiar Britt Veum Hauge 57685536 slik at ho tek kontakt.