Dersom du ønskjer å endre ein vedteken reguleringsplan, må du kontakte kommunen om dette. Dette kan enten vere pr. brev eller ved å be om eit førebuande møte.

Ei planendring kan verte vedteken på to måtar:

  • Større endringar blir handsama som private planforslag, jf plan- og bygningslova § 12-11. Dette betyr i praksis full planprosess.

  • Mindre endringar/ justeringar av planen som er i samsvar med hovudtrekka i reguleringsplanen blir handsama etter plan- og bygningslova § 12-14, noko som medfører ein enklare prosess.

Grensa mellom desse er skjønnsspørsmål som blir avgjort av kommunen i kvart enkelt tilfelle, men det er ikkje mykje ein plan kan endrast på før det krev full revisjon. For at kommunen skal kunne konkludere med kva type prosess ønskjet om planendring medfører, må du opplyse spørsmålet så godt som mogleg i ei tidleg fase. Kommunen ber difor om at når planspørsmålet vert teke opp, så skal følgjande materiale vere utarbeidd:

  • Brev/ skriftleg utgreiing som beskriv ønskt endring og ei grunngjeving for endringa.
  • Kart i målestokk 1:1000, eventuelt 1:500, med rutenett som viser både eksisterande plansituasjon og ønskt ny plansituasjon.

Revisjon av planen

Dersom Luster kommune konkluderer med at endringa krev full revisjon, må du utarbeide eit revidert planforlag, samt gjennomføre dei prosessuelle krava for dette. Det er krav om at planforslag skal utarbeidast av fagkyndig (forslagsstiller). Den fagkyndige vil vere kjent med korleis ein slik revisjon skal verte gjennomført. Prosessen startar då med eit formelt oppstartsmøte mellom kommunen og tiltakshavar, jf plan- og bygningslova § 12-8.

Mindre endring av plan

Når kommunen har konkludert med at planendringa kan behandlast utan krav om full revisjon, kan kommunen gjennomføre endringa internt. Det me då treng, er ein formell søknad som i stor grad inneheld det same som grunnlaget for at spørsmålet skal drøftast, altså skriftelg utgreiing og kart. I tillegg må søknaden innehalde følgjande:

  • Kopi av nabovarsel eller kopi av brev til berørte parter.

  • Eventuell vurdering av nabomerknadar.

Naboliste og kart kan du få på servicetorget i kommunen. Kart kan også skrivast ut via www.kommunekart.com (vel Luster kommune i menyen øverst til venstre i bildet)