Frisklivssentralen Sogn gir strukturert, tilpassa og tidsavgrensa oppfølging basert på individuell rettleiing og gruppebaserte tilbod. Frisklivssentralen Sogn gir primært støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar knytt opp mot fysisk aktivitet, kosthald og snus- og røykeslutt. Frisklivssentralen Sogn kan også gi rettleiing og tilbod knytt til psykiske belastningar, søvnvanskar og risikofylt alkoholbruk. Frisklivssentralen Sogn arbeidar også med førebyggjande arbeid innan desse områda, samt at ein tilbyr ulike læring- og mestringskurs knytt til kosthald, snus- og røykeslutt, depresjonsmeistring, kurs til pårørande for personar med demens m.m.

Du treng ikkje å ha ein diagnose eller å vera sjuk for å ta kontakt med Frisklivssentralen Sogn. Tilbodet er gratis og du kan få oppfølging i 12 veker. Tenkjer du at dette kan vere noko for deg, kan du kontakte Frisklivssentralen Sogn sjølv eller be din behandlar om å tilvise deg.

Timeplan vinter/vår 2018

Telefon: 95 30 38 97 / 95 89 36 41
Mail: frisklivssentralen.sogn@sogndal.kommune.no 

Følg Frisklivssentralen på Facebook

Frisklivssentralen sin blogg