Me tilbyr

  • Førebyggjande helsesamtale
  • Ope servicekontor onsdagar kl.12.00 – 14.00 på helsesenteret
  • Involverer ulike fagpersonar etter behov (tverrfagleg tilbod)

Førebyggjande helsesamtale

Me legg opp til ein samtale med vekt på kva som er viktig for deg .

Du sjølv eller pårørande kan ta kontakt for ein samtale, eller andre faginstansar kan tilvise til tilbodet. Tilbodet gjeld alle seniorar i Luster kommune frå fylte 65 år.

Alle heimebuande som ikkje har omsorgstenester får tilbod om ein samtale det året dei fyller 78 år. Samtalen kan gjennomførast heime hos deg eller på kontoret på helsesenteret i Gaupne.

Tema for samtalen er opp til deg. Aktuelle tema kan vere t.d. praktisk tilrettelegging av bustad, korleis hindra fallulukker og brann, eiga helse, ernæring, fysisk aktivitet, hjelpemiddel og velferdsteknologi, legemiddel, sosialt fellesskap, vald, psykisk helse, rus/alkohol, transportbehov m.m.

Me kan bidra med gode råd og nyttige opplysningar om kva som finns av ulike tilbod, kvar ein kan vende seg med aktuelle behov og kan formidla kontakt vidare til rette instans. Samtalen vert gjennomført av sjukepleiar, ein kan også trekke inn andre faggrupper dersom ønskjeleg.

Me har teieplikt.

Involverer ulike fagpersonar etter behov (tverrfagleg tilbod)

Det vil som regel vere sjukepleiar som møter deg på Servicekontoret, men andre faggrupper kan involverast ved behov. Dette kan til dømes vere ergoterapeut, fysioterapeut, heimetrenar med fleire.

Ope servicekontor onsdagar kl. 12.00 – 14.00 på helsesenteret

Servicekontoret finn du i 2. etasje på helsesenteret i Gaupne.

Opningstid: onsdagar mellom kl. 12.00 og 14.00. Du kan ta kontakt pr. telefon også utanom denne tida.

Du kan komme til servicekontoret utan timebestilling. Tilbodet er eit tillegg til anna helse- og omsorgsteneste og utfører ikkje oppgåver som tilhøyrer fastlegen eller heimetenesta.

Servicekontoret

  • har oversikt over kommunen sine tenester og tilbod
  • kan orientere om bl.a. sosiale aktivitetar, treningstilbod, tilbod om besøksven
  • kan hjelpe til med å fylle ut eventuelle søknader og oppretta kontakt med samarbeidspartnarar i kommunen der det er aktuelt
  • gjev tilbod om oppfølgjande helsesamtale dersom det er ønskjeleg
  • tilbyr uforpliktande samtale/heimebesøk når du har behov for det. Til dømes:
    • Om du har mista partnar eller nokon i nær relasjon
    • Bur åleine, er einsam
    • Endra livssituasjon. Det kan vere psykiske, fysiske, helsemessige, sosiale, økonomiske endringar
    • Har slutta å delta i aktivitetar utanfor heimen
    • Ved utskriving frå sjukehus eller andre instansar
    • Du er pårørande til nokon med alvorleg sjukdom eller stort omsorgsbehov
    • Tidleg indikatorar på psykiske eller fysiske plagar
    • Har behov for nokon å snakke med