Dei viktigaste tiltaka som det vil kunne kome råd om er:

  • Hald deg inne
  • Ta jodtablettar
  • Dusje dersom du er utsett for ureining
  • Følgje kosthaldsråd
  • Respektere myndigheitene sine avgjerder om sperring, reinsing eller evakuering

Meir informasjon om atomberedskap finn du på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) sine nettsider. 


Liten fare i Noreg 
Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) skriv at risikoen for at det skal bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg er liten.  

Uavhengig av situasjonen tilrår DSA og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) alle under 40 år å ha jodtablettar som del av eigenberedskapen i heimen.


Jodtablettar og eigenberedskap
Luster kommune har som del av den nasjonale beredskap lager av jodtablettar. Den prioriterte gruppa er alle under 18 år, ammande og gravide. Kommunen har eit system for å dele ut dette dersom myndigheitene gir råd om det.

Informasjon om jodtablettar

Luster kommune har frå 2017 lagra jod-tablettar i alle barnehagar og skular. Tablettane inneheld kaliumjodid og er eit stabilt salt med lang haldbarheit utover stempla dato.

Luster kommune skal kunne gje alle barn og unge under 18 år samt gravide og dei som ammar jod behandling dersom sentrale myndigheiter rår til dette.
Rådet frå sentrale myndigheiter i 2022 er at dei under 40 år skal ta jod ved atomulukke. Jod kan kjøpast på apotek utan resept; JODIX. Brukarrettleiing på eska. Staten anbefaler at familiar har slikt heime. Det er berre snakk om 1 – ein – dose.

Kvifor kan det vere viktig med tilførsel av jod? Kroppen bruker jod i skjoldbruskkjertelen. Fyller ein lageret her med friskt jod, vil mogleg radioaktivt jod ikkje kunne bli tatt opp. Radioaktivt jod kan gje kreft i skjoldbrusken.

Det er viktig at alle forstår at dette er av beredskapsomsyn. Ein skal IKKJE ta jod for sikkerheits skuld. Vent på beskjed frå myndigheitene.

Råd ved atomulukker

Statsforvaltaren i Vestland og atomberedskap

Atomberedskapen involverer myndigheiter både på sentralt, regionalt og lokalt nivå, og er oppretta for å stille ekspertise til rådigheit når det inntreffer ei atomhending. Organiseringa gjer det mogleg å raskt kunne iverksetje tiltak for å minimere konsekvensar og beskytte liv, helse, miljø og samfunnsinteresser elles.

Statsforvalteren si rolle

Statsforvalteren er det regionale leddet for det sentrale kriseutvalet for atomberedskap, og skal gjennom tilrettelegging og rettleiing medverke til at regionale og lokale etatar etablerer nødvendige planar som del av samordna atomberedskapsplanverk. I samband med ei atomhending skal Statsforvaltaren sørgje for koordinering og bidra til iverksetjing av samordna tiltak regionalt og lokalt.

Atomberedskapsutvalet

Atomberedskapsutvalet (ABU) består av medlemane i fylkesberedskapsrådet. Utvalet skal gjennom koordinering, tilrettelegging og rettleiing medverke til at regionale og lokale etatar etablerer nødvendige planar som del av samordna planverk. ABU har som oppgave å samordne og koordinere iverksetjing og oppfølgjing av sentralt vedtekne tiltak under atomhendingar.

Les mer om atomberedskap hos Statsforvalteren i Vestland

Ukraina – atomsikkerheit og -beredskap

Dersom det skulle skje eit utslepp av radioaktive stoff i Ukraina, vil konsekvensane for Noreg vere begrensa på grunn av avstanden mellom landa.

Sjølv med eit stort utslipp i Ukraina, der vinden bles mot Noreg, vil det i hovudsak føre til tiltak i norsk matproduksjon.

Les meir om atomsikkerheit og Ukraina på sidene til dsa.no

Mattilsynet - radioaktivitet og atomberedskap

Mattilsynet har saman med Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) og Kriseutvalget, gått gjennom tiltak som kan vere aktuelle i Noreg ved eit utslepp. 

Radioaktivt nedfall i våre område kan føre til ureining av norske matvarer og drikkevatn.

Les meir om radioaktivitet hos Mattilsynet