Tenesta skal ikkje overta funksjonar som tenestemottakar sjølv kan utføra, men bidra til å oppretthalda og betra tenestemottakar sitt funksjonsnivå slik at vedkommande kan bu heime lengst mogleg.

For å få heimesjukepleie må ein bu eller opphalda seg i kommunen. Tenesta er gratis.

Søk om heimesjukepleie på søknadsskjema Helse- og omsorgtenester som du finn i boksen Skjema nedanfor.

Har du spørsmål om tenesta kan du kontakte einingsleiar:

  • Luster, Ingrborg Fuhr: Tlf. 57 68 25 02
  • Gaupne, Tone Kjærvik Kveane: Tlf: 57 68 57 13
  • Hafslo, Ruth Karin Kvam: Tlf: 57 68 58 02