Arbeidet med båthus for kano og kajakk er no ferdig, og den spesielle UU-rampen for sjøsetting av kajakk var under montering då Lustranytt var på inspeksjon 19. mai. UU-rampen er banebrytande med tanke på at funksjonshemma og andre med liten erfaring her vil få eit vesentleg betre tilgjenge til Hafslovatnet med kano og kajakk. I tillegg inneheld naturmøteplassen også ein populær gapahuk og ei ferdig preparert badestrond.

Finansieringa er kome i stand ved løyving frå Gjensidigestiftinga, Luster kommue, Vestland fylkeskommune og spelemidlar frå Norsk Tipping. Prosjektet har hatt høg prioritet i Vestland fylke, og er å rekna som eit «pilot-prosjekt».  Hovedentreprenør har vore Melheim Entreprenør AS. Tømrararbeidet er utført av Lars Erik Kjos og UU-rampen er utvikla og montert av Sogn Industri AS, Førde. 

Korleis dette prosjektet kan utviklast vidare som eit aktivitetsområde og arena for vannsport på Hafslovatnet er ei ny og kreativ oppgåve for lag og organisasjonar i kommunen.