I nominasjonen av årets kulturprisvinnar heiter det:

Årets prisvinnar har gjennom mange år lagt ned eit stort arbeid til glede for sang og musikklivet spesielt, men også for revy- og teater interesserte i bygdene våre. Som mangeårig tillitsvald i det lokale skule- og ungdomskorpset, og pådrivar i Musikkens Venner, fekk kandidaten utfolde seg på mange vis. I snart 30 år har kandidaten vore styremedlem i sistnemnde organisasjon. 

Den aller største kulturelle innsatsen  har kandidaten lagt ned i gjennom deltaking i dei aller fleste revy- og teaterstykka som har vore sette opp i Gaupne i perioden 1955 og til dags dato. Truleg kan det dreia seg om mellom 15-20 oppsetjingar. Debuten hadde kandidaten i eit teaterstykke som vart oppført på ”Kroka-skulen”, eller det som i dag er betre kjendt som Munthe-huset, i 1954 – og sidan har det altså gått slag i slag. Kandidaten har markert seg i revysamanheng både i og utanfor Luster kommune, og har ofte vore trekt fram som «høgdepunktet i revyen» i avisomtalane etter fram-syningane. Det som kjenneteiknar kandidaten er det store og smittande engasjementet han viser.

Han har vore «primus motor» både i korpsarbeid og revy-samanheng, og for mange er han den personen dei fleste forbind med lokal revy i Luster kommune.

Den store glansperioden hadde kanskje kandidaten i perioden rundt den store kommunesamanslåinga i 1963 – der tilgangen på gode idear og innslag formeleg ”stod i kø”.

Men revygjengen har klart å fanga opp det som skjer i kommunen fram til i dag også – og med kløktig satire og gode replikkar har det vorte skapt underhaldning av klasse.  

Luster kommune har ved årets utdeling valt å understreka kor viktig det er med breidde og allsidigheit i det lokale kultur-arbeidet. Og som det vert lagt vekt på i ordtaket: Me har ikkje meir moro enn det me skapar sjølve!

I vår tid med stor påverknad ut frå, og i eit utall av kanalar, vert det ei utfordring å ta vare på det lokale – både i replikk-kunst og sceneshow.

Kulturprisen for år 2001 går til Harald Bruflat!

Prisen i 2001 er på kr. 10.000, eitt diplom med påtrykt  J. Flintoe sitt målarstykke frå Kroken, også kjendt frå framsida på Lustranytt nr.4/1997. 

Harald Bruflat - Lustranytt.jpg