Vatn og vassdrag.JPGTema knytt til vatn:

Elveforbygningar vert kosta av NVE, men det er kommunen si oppgåve å føra tilsyn med dei. Meld frå til oss om skader på elveforbygningar der du bur. (Kontaktperson i kommunen: Åshild Ekrene)

Har du planar om bekkelukking, masseuttak eller andre inngrep i ein vassdrag? Ta kontakt med  kommunen på førehand. (Sakshandsamar: Steinulf Skjerdal)

Miljøtilstanden i vassførekomstane i Luster er i all hovudsak godt innanfor krava i vassforskrifta. Dei avvika som er registrerte vert følgde opp slik det er lagt opp til i forvaltningsplanen for Sogn og Fjordane vassregion. Kommunen samarbeider med dei andre kommunane i Indre Sogn (Indre Sogn vassområde) for å kartleggja problema og finna effektive tiltak, med mål om å sikra god kvalitet i alt vatn; både sjø, vassdrag og grunnvatn. (Kontaktperson: Inger Moe)

vannportalen.no finn du vassforvaltningsplanen og anna info om vassressurs-forvaltninga. På vann-nett.no finn du kart med faktaark om alle vassførekomstane.

Av verna vassdrag har me i Luster to; Mørkridselvi og Feigedalselvi. Vernestatusen sikrar to av dei vakraste vasslandskapa våre varig vern mot kraftutbygging. I mange av dei andre vassdraga vert det i dag produsert mykje fornybar energi, meir om dette finn du på sida vår om kraftutbygging.

For spørsmål knytt til drikkevatn, gå til sida om vassforsyning.