Kommunestyret har vedteke at det vert innført eigedomsskatt i heile kommunen jf. esktl. § 3 bokstav a) frå og med skatteåret 2018.

Den alminnelige skattesatsen i kommunen er 7 kr for kvar 1000 kr i takstverdi. Skattesatsen for bustader og fritidseigedommar er 2 promille , jf. esktl. §§ 11 og 12 a. Bustader skal verdsetjast etter esktl . § 8 C – 1, Verdsetjing av bustader ved bruk av formuesgrunnlag.

Det vert vedteke eit botnfrådrag på 200.000 kroner pr bueining, jf . esktl . § 11 andre ledd.

Eigedomsskatten blir skreven ut i 2 terminar, jf. eigedomsskattelova § 25 første ledd, forfall 15. april og 15. september.

Synfaring av eigedomar.


Informasjon om eigedomsskatt for bustadeigedomar som får taksten frå formuesgrunnlaget frå Skatteetaten.
NB! Følg med på på skatteoppgjeret som kjem i juni. Der finn du informasjon om formuesgrunnlaget som Skatteetaten legg til grunn for eigedomen din.