Hovuddel

Dette er rom som du bur i eller oppheld deg, og gongar og trapper mellom desse. Slike rom er for eksempel stove, kjøken, soverom, bad vaskerom, trimrom, entré, trapp og gongar.

Tilleggsdel

Tilleggsdel er dei delane av bustaden som ikkje er eigna som opphaldsrom, for eksempel bod, oppbevaringsrom, garasje med meir.

Søknadsplikt

Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel, eller omvend, er søknadspliktig.

Unnateke søknadsplikt

Du treng ikkje å søke om å endre for eksempel stove til kjøken, sidan begge desse romma er hovuddel. Du treng heller ikkje søke om å endre frå bod til teknisk rom ettersom begge desse er tilleggsdel.

Du kan søke sjølv

Du kan søke sjølv når bruksendringa skjer innafor din bustad/branncelle og du ikkje rører ved bærande konstruksjonar.

Du må søke ved hjelp av fagfolk

Viss bruksendringa rører bærande konstruksjon eller branncelle. Viss du bur i ein fleirmannbustad er som regel loft og kjellar ikkje tilknytt din bustad/branncelle. Ein søknad om bruksendring av slike areal må difor også sendast inn av fagfolk som står for søknad, prosjektering og utføring.

For bustadar frå før 01.07.2011 er det lempa på dei tekniske krava:

Ved bruksendring på slike bustadar stilles det mindre tekniske krav. Dette gjeld når rommet du vil endre ligg inntil eit anna opphaldsrom, altså at romma deler veggar, tak eller golv. Viss rommet du ønskjer å endre oppfyller desse vilkåra vil kravet til tilgjengeligheit i bueining, planløysing, bad og toalett, bod og oppbevaringsplass, radon, og utsyn og energi i byggteknisk forskrift ikkje gjelde.

Minstekrav:

  • Takhøgda kan vere ned til to meter
  • Eit vindauge i kvart rom
  • Du får nok lys viss vindauge er stort nok til å oppfylle krava til rømingsvindauge
  • Det er ikkje krav om utsyn frå vindauge
  • Du avgjer kor mykje bodplass du vil ha
  • Rommet må vere isolert,  men du bestemme kor mykje isolasjon du vil ha
  • Rommet kan luftast med ventil dersom utelufta er bra nok.
  • Det er ikkje krav om at rommet skal vere tilgjengeleg for rullestolbrukarar eller andre med nedsett funksjonsevne.
  • Det er ikkje krav til radonsperre og radonbrønn. Dersom du får for mykje radon i rommet kan du løyse det ved andre egna tiltak

Rommet må uansett oppfylle følgjande:

  • Krav om brannsikring
  • Krav om at bærande konstruksjonar må være sikre (særleg relevant ved bygging på loft som ikkje har opphaldsrom frå før)
  • Krav om at du bygger så det ikkje blir fukt, mugg og råte i rommet (spesielt viktig ved bygging i kjeller)
  • Krav om at rommet må vere godt nok isolert og ventilert slik at det er eit behageleg inneklima utan støy. Opphaldsrom bør ha anbefalt innetemperatur på 19 grader om vinteren.

Relevant regelverk

Plan- og bygningslova kapittel 20 om søknadsplikt
SAK 10 § 3-1 (varig og tidsbestemt bruksendring)
TEK 17 1-2 åttande ledd (bruksendring i eldre bustadhus)