Tonereise
Gruppa Tonereise f.v. Arve Lomheim, Tor Magne Kvamsdal, Asbjørn Handeland, Klaus Vigdal, Erling Vigdal og Ragnar Vigdal. Ikkje til stades: Hans Arvid Wassvik.

I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.: Kulturprisen for 2010 vert i år tildelt ei gruppe personar som gjennom tonar og tekstar fører vidare ein kulturskatt av store dimensjonar, nemleg arven etter Ragnar Vigdal. Denne gruppa tel i dag sju medlemar og har gjennom sitt engasjement og store aktivitet vore med og sett Luster på kartet. Medlemane er: Klaus Vigdal, Ragnar Vigdal, Erling Vigdal, Tor Magne Kvamsdal, Asbjørn Handeland, Arve Lomheim og Hans Arvid Wassvik.

Det starta med Vigdal Symposium der Klaus Vigdal var sentral, og representerte familien og etterkomarane etter faren, Ragnar Vigdal. Omlag samtidig vart sonen Erling Vigdal engasjert musikalsk i Absolute Blues. Tonereise vart for alvor eit namn i det lokale og nasjonale musikkmiljøet etter innspelinga av den første CD-en som symbolsk skulle bli heitande Arven. Her har gruppa Tonereise introdusert eit publikum for både den tradisjonelle, religiøse folkemusikken og den noko meir vidareutvikla sang og musikkforma som også skulle bli gruppa sitt varemerke. Namnet Tonereise er også eit namn med eit spesielt innhald, og ein arv etter Ragnar Vigdal si plate med same namn. Gruppa har hatt eit fast mannskap heile tida ho har eksistert, men Hans Arvid Wassvik kom først med som ”gjesteartist” i gruppa frå 2006, og som fast medlem frå 2008.

For gruppa har det vore eitt overordna mål å vidareføre denne melodilinja og kulturarven som Ragnar hadde eksponert. Men samtidig har det også vore eit visst mål å kunna utvikle si eiga form og sin eigen stil som eit forsøk på å få ungdom og andre til å høyra på. Tonereise er likevel rimeleg allsidige når det kjem til musikalsk repertoar, og spelar det meste. Ein raud tråd, er den musikalske ”dåmen” som Ragnar brukte å definere den som, gjennom tradisjonell folkemusikk, folketonar og salmeskatt.

Arrangementa med Tonereise har etter kvart vorte mange, og gruppa har fått oppdrag både i kulturhus, kyrkje og på musikk-festivalar. Plateproduksjoner tel i dag to CD-ar. Den første som me har nemnt, Arven, kom i 2007 og Lekmann i 2009. Melodiar frå desse produksjonane har vorte C-lista i NRK P1 og såleis nådd ut til eit stort publikum nasjonalt. Gjennom sine turneaktivitetar og studioarbeid har Tonereise skaffa seg eit namn i musikkmiljøet på landsplan. Platesalet har til no dekka lånet med å finansiere produksjonane + ein reserve til å koma i gang med dei neste studio-innspelingane. Lokalt næringsliv og kommune har vore med å støtta denne plateproduksjonen og marknaden i heimefylket har teke vel i mot Tonereise. Likevel har dei landsdekkande turneane til no ikkje fått plass i tidsplanleggjaren til gruppa. Utsiktene er likevel gode etter at Folkeakademiet har valt Tonereise som del av den kvalitativt sila Kulturmenyen.

Det å skape kultur på denne måten er både eit resultat av godt kameratskap, musikalsk evne og innsikt, men også det enkle tilhøvet i å like å opptre for eit publikum. Utfordringane ligg der sikkert framleis på fleire ulike område og nivå. Ei sentral utfordring er dette med å bli promotert og gitt høve til å opptre for eit publikum som set pris på denne musikken. Av konkrete framtidsplanar vert det no arbeida på tre plan: turnear, juleplate i 2011 og prosjektet Tonereise m/venner.

Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at kulturprisen for 2010 skal tildelast: Tonereise.