Tilsynsprosessen

Tilsyna vil gå føre seg områdevis, og når ein tilsynskampanje startar vil innbyggjarane i det aktuelle området få eit brev frå Luster kommune kor vi etterspør relevant informasjon om avlaupsanlegget. Vi vil i hovudsak drive dokumenttilsyn, men fysisk tilsyn kan bli aktuelt ved behov. Anleggseigar har rett til, men ingen plikt til å delta på det fysiske tilsynet. Viss tilsynet avdekker feil og manglar vil det bli aktuelt å pålegge ei oppgradering av avløpsanlegget. Dei det gjeld vil først få eit varsel om at det vil kome eit pålegg om oppgradering. Her vil det bli satt ein realistisk frist for å få utført oppgraderinga. Blir ikkje avløpsanlegget oppgradert innan fristen vil det kome eit pålegg. Friste for å oppfylle pålegget vil normalt bli satt til 1,5 – 2 år. Lengre fristar kan bli aktuelt i enkelte tilfelle, men også kortare fristar vil bli aktuelt ved akutte utslepp. Meir informasjon om tilsynsprosessen finn dykk i tilsynsplanen.

Har du fått pålegg om å oppgradere anlegget ditt?

Har du fått brev om å oppgradere avløpsanlegget ditt må det søkast om utsleppsløyve og byggeløyve, eller påsleppsløyve. Sidan det er eit krav til kompetanse hjå den som skal utarbeide søknadane, kan du ikkje utarbeide søknadane sjølv med mindre du har den naudsynte kompetansen. Dette må i så fall dokumenterast. Ditt ansvar som anleggseigar vil være å kontakte kompetente føretak som kan ta rollane som prosjekterande part og utførande part. Ofte kan same føretak fylle begge desse rollene. Eksempel på slike føretak kan være røyrleggjarselskap, graveentreprenørar eller konsulentføretak. Prosjekterande føretak skal kunna dokumentere relevant kompetanse til å utarbeide ein ny utsleppssøknad og byggjesøknad. I Luster kommune vil eit røyrleggjarfirma kunna fungere som prosjekterande og utførande føretak. Luster kommune kan hjelpe med ei oversikt over kompetente føretak i området.

Utsleppsløyve og byggeløyve

Skal du etablere eit nytt sanitæranlegg eller oppgradere eit eksisterande anlegg krevs det to løyver: utsleppsløyve og byggeløyve.

Utsleppsløyve
Utsleppsløyve er ein søknad om løyve til å forureine og gir huseigar eit unntak frå hovudregelen om at det er forbode å forureine. Kommunen vil krevje utsleppsløyve om du skal:

  • Etablere nytt avlaupsanlegg
  • Oppgradere eksisterande anlegg
  • Knytte fleire bygningar til eksisterande anlegg
  • Og viss det blir ein auke i tal på personar som skal nytte eksisterande anlegg

Utsleppsløyve blir gitt dersom det er dokumentert at den planlagde anleggsløysinga innfrir reinsekrava i ureiningsforskrifta kapittel 12, byggteknisk forskrift (TEK17) § 15-8, samt at vilkåra i løyvet blir oppfylt. Det føreset at ansvarleg utførande føretak kjenner til gjeldande standardar og normer. Kommunen har inga plikt til å sei ja til eit utsleppsløyve. Det er også viktig å merke seg at løyvet ikkje varar evig, og kan trekkast tilbake dersom det er faglege grunnar for det. Dette kan eksempelvis være endring i den samla belastninga i området du bur.

Byggeløyve
Etter at utsleppsløyve er gitt, kan kommunen gi byggeløyve. Formålet med byggeløyvet er å sikre at føretaka som du nyttar har god nok kompetanse til å utføre anleggsarbeidet etter krava. Byggeløyvet er permanent og du må være sikker på at både byggeløyve og utsleppsløyvet er gitt før arbeidet blir satt i gang.

Påsleppsløyve
For anleggseigarar som bur i område med kommunalt avløpsnett, vil det bli pålagd påslepp til det kommunale nettet for dei som ikkje allereie er påkopla. Det er eit krav i plan- og bygningslova §27-2 at husstandar skal være påkopla kommunale nett der det er mogleg.

Informasjon til eigarar av eldre avløpsanlegg bygd før 2007

Nye krav frå 2007

Det er eit krav i forureiningsforskrifta § 12-7 at avlaupsnett skal dimensjonerast, byggjast, drivast og vedlikehaldas med utgangspunkt i den best tilgjengelege teknologien og fagkunnskapen. For å tilfredsstille dette kravet må avlaupsnettet utformast i medhald avgjeldande standardar og retningslinjer som kom i 2007. Forventa levealder på eit avlaupsanlegg som er bygd etter dagens tekniske krav er 20-25 år. Avløpsanlegg som er bygd før 2007 og som er eldre enn 20-25 år vil med høgt sannsyn ikkje oppfylle dagens krav, og for dei avløpsanlegga det gjeld vil det verte naudsynt med oppgradering av heile eller delar av anlegget. Alle som har eit avløpsanlegg bygd etter 2007 skal i utgangspunktet ha eit lovleg og godkjent anlegg.

Husstandar som har eit avløpsanlegg bygd før 2007, og spesielt dei som har anlegg eldre enn 20 - 25 år, kan allereie før de mottek brev om tilsyn vurdere om dykk skal søke om nytt utsleppsløyve og oppgradere deler av eller heile anlegget. Det må påpeikast at anlegg bygd før 2007 vil vere lovlege fram til noko anna blir vedteken. Eldre avløpsanlegg kan i teorien bli godkjent om det blir dokumentert at dei oppfyller reinsekrava i forureiningsforskrifta og dei tekniske krav. Det er alltid anleggseigars plikt å dokumentere at anlegget oppfyller reinsekrava i forureiningsforskrifta kapittel 12, og tilstandsvurderinga må vurderast av eit kompetent føretak.

Anlegg bygd før 1986
Utsleppsløyve blei eit krav i 1986 og avløpsanlegg etablert før 1986 har som regel ikkje utsleppsløyve. Desse avløpsanlegga vil i dei aller fleste tilfelle heller ikkje oppfylle dei tekniske krava og reinsekrava som kom i 2007. Viss du har eit avløpsanlegg som blei etablert før 1986 vil du bli pålagd å søke om utsleppsløyve og mest sannsynleg vil du også bli pålagt oppgradering. Vi oppmodar difor den det gjeld å vurdere oppgradering allereie før det vert utført tilsyn. Om du likevel meiner at anlegget oppfyller dei tekniske krava og reinsekrava må tilstanden vurderast av eit kompetent føretak og dokumentasjon sendast til kommunen. Dette vil isofall bli gjort gjennom arbeidet med utsleppsløyvet. Ei slik tilstandsvurdering vil derimot være kostbar og resultatet vil med høgt sannsyn være at anlegget treng oppgradering. Du bør derfor heller vurdere om det er meir hensiktsmessig å investere i eit nytt anlegg.

Oppgraderingsindikatorar

Den vanlegaste reinseløysinga i Luster kommune er infiltrasjonsanlegg. Med denne løysinga blir svartvatnet filtrert gjennom infiltrasjonsgrøft/filter etter slamavskiljaren gjennom sjølvfall. Eit godkjent infiltrasjonsanlegg som er etablert i eigna jordmassar (klasse 2 sand), vil for ein heilårsbustad bestå av ein slamavskiljar på 3,25 m3, pumpekum for støtbelastning av filter og infiltrasjonsfilter på 40 m2. Eldre anlegg vil ofte ikkje tilfredsstille krava om utforming og volum, i tillegg til at ein ofte finn lekkasjar og det kan være utfordrande å finne dokumentasjon på korleis dei eldre anlegga er konstruert og om avlaupsvatnet blir fordelt som tiltenkt.

Erfaringsmessig er dette ein type anlegg som har fått lite oppfølging i driftsperioden, oggenerelt er det fleire manglar som går igjen i eldre infiltrasjonsanlegg:

  • Kvaliteten på utløpsleidning frå bygg til slamavskiljar variera
  • Ofte har tanken for lite volum, er lekk og består av ein eller fleire betongkummar
  • Ingen pumpeeining som medfører variabel fordeling av avløpsvatnet i filtermaterialet
  • Fordelingskum på nokon anlegg, men fordelinga skjer ofte her gjennom sjølvfall
  • Pumpekum som manglar vasstandssensor
  • Infiltrasjonsfilter/grøfter har ofte for lite areal og er feil konstruert. Det kan være utfordrande å finne dokumentasjon på kvar filteret er lokalisert
  • Manglande grunngranskingar før bygging. I mange tilfeller vil ikkje filtermassane tilfredsstille byggingskrava.

 

I tillegg kan dykk merke dykk følgjande krav som må oppfyllast:

Utsleppstad for avlaupsvatn frå reinseanlegg skal lokaliserast slik at:
a. utslepp til sjø og ferskvatn lokaliserast minst 2 m under lavast vasstand,
b. utslepp til elv kun førekjem til elv med heilårsavrenning, og
c. utslepp til grunnen (infiltrasjonsanlegg for eksempel) kun førekjem til stadeigne lausmasser.

Også nærleiken til drikkevasskjelder vil være eit viktig vurderingskriterie, samt at sanitæranlegget i utgangspunktet skal være meir enn 10 meter frå ein vassførekomst og 4meter frå næraste nabo. I tillegg kan dykk merke dykk lukt/lekkasje frå septiktank, infiltrasjonsmassane og begroing av næringskrevjande vekstar som brennesle over infiltrasjonsmassane. Dette er indikasjonar på at anlegget må utbetrast.