Nitrogenavrenning til vassdrag er ei utfordring dei fleste er kjent med, men påverknad av sprøytemiddel på mikrofauna er også noko å hugse på.

KSL-standarden er eit nyttig verktøy for bonden for å gå gjennom eigne rutinar og oppdatere kunnskap. Det vert tilbydd eit komplett sett med veiledarar for kvar produksjon og ein generell for drifta av garden. Les meir om KSL på Matmerk her.

Kantsoner mott vassdrag kan fungere både som eit rensefilter for avrenning av næringstoff frå dyrka mark og fungere som erosjon- og flaumvern ved høg vassføring i vassdrag. Les meir om kantsoner hjå NIBIO her. Og hjå NVE her.

Gamle slåttemarker kan innehalde eit høgt artsmangfald av både planter og dyr, og er ein av dei naturtypane ein ynskjer å behalde. Ikkje minst pollinerande insekt er under press grunna endra arealbruk og kan få ein fristad i gamle slåttemarker. Stell og skjøtsel av desse kan skille seg litt frå slått av vanleg dyrka mark, då ein ynskjer å la graset tørke slik at frø dett av og opprettheld den store diversiteten i marka. Les meir om slåttemarker hjå Miljødirektoratet her.

Plantevernmidlar på avvege er ikkje ønskjeleg og kan forårsake skader på natur og miljø. Dei kan og utgjere ein helserisiko for folk. Les meir om plantevernmidlar hjå Mattilsynet her.


Prosjektet Klimasmart Landbruk sin «Klimakalkulator» gjev bonden oversikt over utslepp og kva som skal til for å redusere utslepp og binde karbon på gardsnivå.