Eit godt barnehagemiljø handlar mellom anna om at barnet er inkludert i barnegruppa og opplever å vera betydningsfull for fellesskapet. Det å gå i barnehagen skal vera ei positiv oppleving og noko barnet ser fram til. Alle som arbeider i barnehagen skal gripa inn når eit barn i barnehagen vert utsett for krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering.

Aktivitetsplikt

1. januar 2021 vart det innført endringar i barnehagelova. Endringane i lova skal sikra retten til eit trygt omsorgs- og læringsmiljø for barn som går i barnehage. Lovendringa inneber ei aktivitetsplikt som krev at barnehagen følgjer med på korleis barna har det, og undersøkjer og set inn tiltak når personalet har mistanke om at eitt eller fleire barn ikkje har det bra i barnehagen.

Alle som arbeider i barnehagen, skal melda frå til styrar dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø. Styrar er ansvarleg for at barnehagen handterer og følgjer opp meldingar på ein forsvarleg måte. Ved alvorlege tilfelle skal styrar melda frå til barnehageeigar. Rådmannen ved kommunalsjef Oppvekst representerer barnehageeigar på vegner av kommunestyret i Luster. Døme på alvorlege tilfelle er:

  • saker som er særleg valdelege
  • viss fleire barn er involverte i mobbing eller utestenging av eit barn
  • krenkingane har pågått over lang tid, utan at barnehagen har klart å løysa saka

Barnehagen har plikt til å undersøkja saka når føresette seier ifrå, sjølv om dei som arbeider i barnehagen er av ei anna oppfatning. Det skal lagast ein skriftleg plan for korleis barnehagen skal følgje opp barnet og gruppa.

Det er også innført ei skjerpa aktivitetsplikt ved mistanke om at personalet krenkjer barn. Er det mistanke eller kjennskap til dette skal styrar melda frå til barnehageeigar. Dersom ein som arbeider i barnehagen, får mistanke om eller kjennskap til at styraren i barnehagen krenkjer eit barn med til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering eller trakassering, skal vedkomande melda frå til barnehageeigaren direkte.

Ansvaret til barnehagen

Barnehagen har plikt til å følgja med, førebyggja, avdekka og handtera krenkingar og mobbing, og skal møta ei kvar bekymring med forståing.

Om du som føresett har ei uro knytt til trivselen til barnet ditt, er det viktig å ta det opp med dei tilsette i barnehagen. Barnehagen skal følgja opp alle bekymringsmeldingar, og gjera dei undersøkingar som er naudsynte for å handtera vidare oppfølging.

Om du som tilsett er bekymra for om eit barn ikkje har det bra i barnehagen, gjeld dei same forpliktingane til aktivt å undersøka og avdekka grunnlaget for bekymringa. Barnehagane i Luster har felles rutinar for korleis følgja opp bekymringar. Eventuelle tiltak skal setjast inn i nært samarbeid med dei føresette.   .


Korleis oppdaga at eit barn ikkje har det bra?

  • gjennom å snakka med barna
  • tilsette ser noko eller fangar opp noko i samtalar med andre barn
  • føresette som melder frå at det har skjedd noko i barnehagen
  • barn som fortel om noko som har skjedd
  • endringar i åtferd hjå barn eller i barnehagegruppa

Nokon barn vert stille og trekk seg attende i leiken medan andre gjev tydeleg beskjed når ting vert vanskelege.
(Frå Utdanningsdirektoratet: Barnehagemiljø)

Viktig med godt heim-barnehage-samarbeid
Som føresett er du saman med de tilsette i barnehagen ein svært viktig ressurs og rollemodell for barnet.
Vaksne som er trygge, skapar tillit og tek ansvar er med å støtte og lage gode føreseielege rammer for barnet. Barnehagen er avhengig av eit tett samarbeid med føresette slik at ein kan ivareta det enkelte barn og barnegruppa best mogleg. Det er barnehagen sitt ansvar å leggja til rette for eit godt samarbeid med dei føresette.

Barnet si stemme
Barnet sine synspunkt skal også høyrast, då barnet har rett til å uttala seg om saker som gjeld dei. Tilsette i barnehage har god kompetanse på å samtala med små barn. Gjennom samtalar med føresette og barnet vil ein få god forståing og innsikt i korleis barnet har det i barnehagen og kva tiltak som kan prøvast ut.

Mobbing i barnehagen

«Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til, å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning.»
Ingrid Lund m.fl.: Mobbing i barnehage og skole. Nye perspektiver (2020)

 

Barnehageloven § 41 seier det skal vera nulltoleranse for krenkingar og mobbing i barnehagen. I barnehageloven vert utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering nytta som døme på krenkingar. Endringane i barnehagelova krev at barnehagen arbeider systematisk for å førebyggja utestenging og mobbing, at det vert skapt eit godt miljø i barnehagen der barna trivest og er sosialt inkluderte. Alle barn skal få hjelp av vaksne til å ta godt vare på kvarandre. Tilsette i barnehagen skal gripa inn når eit barn vert utsett for slike krenkingar.

Viss du mistenkjer eller opplever at barnet ditt vert mobba eller utsett for krenkingar, ta kontakt med leiinga i barnehagen.

Foreldreutvalet for barnehagar har laga eit hefte om kva føresette og tilsette kan gjera for å arbeida mot mobbing i barnehagen. Heftet er også tilgjengeleg på engelsk, polsk, somali, tigrinya og andre språk.

Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod i Vestland Foto: Bjarte Johansen, Vestland fylkeskommune
Mari-Kristine Morberg og Aina Drage er mobbeombod i Vestland Foto: Bjarte Johansen, Vestland fylkeskommune

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet i Vestland er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. Mobbeombodet rettleier i saker som handlar om psykososialt miljø, om barnet sine rettar og korleis du kan gå fram om eit barn ikkje har det bra. Mobbeombodet har teieplikt.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet;
Telefon: 57 30 03 33
E-post: mobbeombod@vlfk.no

Du kan følgje ombodet på Facebook (www.facebook.com/mobbeombod) eller på Instagram (https://www.instagram.com/ombodvestland/).

Du kan lesa meir om ombodet og korleis du kan få hjelp, på www.vlfk.no/mobbeombodet