Luster kommune har arbeida for å få til eit felles fiskekort for kommunen. Målet har vore å få med flest mogleg av fiskevatna i eitt felles fiskekort, som enkelt kan kjøpast på inatur.no ved hjelp av ein smarttelefon. Dermed vil fiskeinteresserte få tilgang til ei mengd fiskevatn utan å måtta leita seg fram til dei ulike utsalsstadene og nå deira opningstider. Det vil framleis vera mogleg å få kjøpt fiskekort på dei vanlege utsalsstadene.

 Les om fiskemoglegheiter i Luster og tilgrensande område på inatur.no