I 2016 er det 363 innvandrarar i Luster, der 260 er frå Europa, 63 frå Afrika, 19 frå Asia, 8 frå Nord-Amerika og 3 frå Sør- og Mellom Amerika.

Innvandringa til Luster føregår i hovudsak på to ulike måtar. For det fyrste har vi arbeidsinnvandring, der vi tek imot arbeidskraft. Luster er avhengig av denne typen innvandring for å tilføre lokalsamfunnet viktig kompetanse og dekke arbeidskraftsbehov i fleire sektorar.

I tillegg har vi innvandrarar som kjem til Luster som flyktningar. Ein flyktning har fått status som flyktning frå norske styresmakter eller FN. Noreg tek kvart år imot mange  flyktningar frå FN-leirar rundt om i verda  Desse blir busette i norske kommunar.

Det er kommunestyret som vedtek kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen kvart år.

I Luster er det flyktningtenesta ved NAV-kontoret som tek seg av mottak av flyktningar.