Løkjane utleigebustader.JPGAlle kan i prinsippet søkje om å få leige gjennomgangsbustader, men det vert føreteke ei behovsvurdering ved tildeling av denne typen bustad. Maksimal leigetid er i utgangspunktet 3 år. Luster kommune sine retningsliner for tildeling av kommunale bustadervert lagt til grunn for tildeling.

Biletet syner dei nyaste utleigebustadane i Gaupne, Løkjane bustadsameige.

Det er ledig hus for utleige i Jostedal og Veitastrond.

Kontakt Servicetorget,
Gunnlaug Saur
tlf. 57 68 55 17

Informasjon om varsling
Husleigelova gjev utleigar moglegheit til å varsle kommunen dersom leigaren står i fare for å bli kasta ut. Varslingsregelen er lite kjend. Ein tilrår difor at private utleigarar bør bli kjende med regelen og blir oppfordra til å varsle kommunen når nokon står i fare for å bli kasta ut .