Serviceskyss

Serviceskyssen er eit tilbod til alle som bur i Luster kommune, det er inga form for godkjenning for å nytte seg av dette tilbodet. På faste dagar til fastsett tid vert det sett opp drosje i rute i ulike delar av kommunen. Rutene går sjølvsagt i retur seinare på dagen.

Alle passasjerar som ønskjer å nytta Serviceskyssen må bestilla hjå Luster Taxi (tlf: 57 68 16 20) innan kl. 18 dagen før turen. Då avtalar ein tidspunkt for henting.

Eigenbetaling kr 30 kvar veg.

Oversikt over rutene

Tilrettelagt transport (TT)

TT transport er eit tilbod som skal bidra til at personar med ei funksjonsnedsetting som bur i Luster kommune, skal ha eit alternativt transporttilbod.

Transporten går føre seg med drosje.

Du kan lese meir om ordninga og søknad her

Buss

I Luster kommune har me bussruter som går til dei ulike bygdene til ulike tider. Du kan søke på www.kringom.no for å søke opp di rute og finne tidspunkt bussen går. 

Trygt heim for ein 50-lapp

Dette er eit tilbod som er ope for alle, men det er spesielt retta mot ungdom mellom 16 og 24 år. Ruta går kvar natt til søndag heile året, i tillegg går rutene natt til 1. mai, natt til 17 mai og natt til 3. juledag. Rutene er både faste ruter og bestillingsruter.

Bestillingsruta må bestillast på tlf 57 67 10 00 innan kl 18 same dag, her må det vera minst tre reisande for at den skal gå.

Oversikt over ruter

Reisande under 30 år betalar 50.- dei over 30 år betalar 100.-

Luster ungdomstaxi - LUT

Er eit tilbod til ungdom busette i Luster mellom 13- 19 år. Dette er eit tilbod som gjeld frå alle opne arrangement i Luster kommune og i kulturhuset i Sogndal, også treningar, møte, kurs, teater og kino.

Må vera minst to passasjerar.

Eigenbetaling er 50,- kr pr gang pr person kvar veg.

Du bestiller tilbodet hjå Luster Taxi, tlf 57 68 16 20, sei ifrå om at du skal nytte denne ordninga.

Facebookgrupper for samkøyring

I Luster har me ulike grupper på facebook som har som mål å bidra til meir samkøyring.

Jostedal – saker,ting og skyss

Samkøyring i Luster

Her kan du legge inn spørsmål om turar eller legge inn at du tilbyr skyss. Dette er både sosialt, du kan hjelpe andre og det er miljøvennleg! 

Skyss til balanstrening

Luster kommune tilbyr skyss til «Betre balanse» gruppene på omsorgssentra.

Du kan bestille ved å ringe Servicetorget på Rådhuset, tlf 57 68 55 00 (opningstid 9-15). Siste frist er kl 15 dagen før. 

Skyss til seniortreff

Det blir organisert transport til Seniortreff for dei som har behov. Påmelding pr. tlf. 57 68 55 00 innan onsdagen før kl. 13.00.