Søk her i søknadsportalen


Det er to nasjonale moderasjonsordningar for hushaldningar med låg inntekt:

  • Redusert foreldrebetaling  har ein rett på viss maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga.
     
  • Gratis kjernetid på 20 timar for 2-, 3-, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart, gjeld for hushaldningar som har ei samla inntekt lågare 598 825 kroner per år fra 1. august 2022.

Ordninga er regulert i forskrift om foreldrebetaling i barnehage

For begge ordningane gjeld: Som hushaldning vert rekna ektefelle, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i hushaldninga.

Viss det er spørsmål til ordninga så ta kontakt med barnehagekonsulent Oddbjørg Ese, telefon 57 68 55 20

 

Informasjon om redusert foreldrebetaling i SFO kjem seinare.