Støttekontakt/treningskontakt er ei teneste kommunen tilbyr til menneske med nedsatt funksjonsevne. Det kan vera eit viktig tiltak til born, unge og vaksne med psykiske eller fysiske funksjonshemmingar.
Støttekontakten/treningskontakten si viktigaste oppgåve er å hjelpe den enkelte til ei meiningsfull fritid.
Oppgåvene vil kunne innebære sosialt samver, aktivisering, fysisk aktivitet og følgje til ulike fritidsaktivitetar.

Treningskontakt vert ytt der det er behov for hjelp, støtte eller motivasjon til fysisk aktivitet.

Tenesta er gratis

Søk støttekontakt/treningskontakt

Heimebesøk eller anna kartlegging vert avtala etter motteken søknad.

Søknaden blir deretter handsama av konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne/tenestekontor og leiar for pleie og omsorgs har vedtaksmynde

Har du spørsmål om tenesta, ta kontakt med Aud Jorunn Høyheim, tlf. 57 68 57 15.