Fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt helsetilbod når det gjeld førebyggjande helsearbeid og ved behandling av sjukdom eller skade.

Fysioterapeuten gjer ei vurdering / undersøking og tilpassar opplegg til pasienten individuelt eller i gruppe. Tenesta har tilbod til personar i alle aldrar.

Fysioterapitenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og fysioterapeutar i privat praksis som har driftsavtale med kommunen. Eigenandel for pasient er lik i heile fysioterapitenesta. 

Frå 01.01.2018 treng du ikkje lenger tilvising frå lege for å gå til fysioterapeut og få trygderefusjon. Alle over 16 år betalar eigenandel etter fastsett takstplakat opp til eigenandelstak 2, som er på 2176 kroner uavhengig av diagnose. Born frå 0-16 år og yrkesskade har rett til gratis fysioterapi.

Ved behov for fysioterapi tek du sjølv direkte kontakt med ein av fysioterapeutane i privat praksis. Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale finn du på Helsesenteret, Hafslo Fysioterapi og Luster Treningssenter.

Fysioterapeutar med kommunal driftsavtale finn du på:
● Helsesenteret
● Hafslo Fysioterapi (Hafslo omsorgssenter)
● Friskhuset

Oversikt fysioterapeutane

Fysioterapi brosjyre (2020)