Vedtak gjeld for eitt skuleår om gongen
For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Vert det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret, jf. forskrift til opplæringslova § 1B-1.

Udir: om moderasjonsordningar i SFO

Søknadsfristen er 1. mai for å få reduksjon frå skulestart.

Foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i SFO på 1.–2. trinn skal maksimalt utgjera 6 pst. av den samla person- og kapitalinntekta til husstanden. Husstandar med samla inntekt under kr 434 000 (januar 2022) kan søkja om redusert foreldrebetaling.

 

Skattemelding for husstanden må leggjast ved søknaden som dokumentasjon. Dersom nokre opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekter ikkje kjem fram i skattemeldinga, er søkjar pliktig til å opplyse om dette i søknaden.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderingane etter denne føresegna.

Sidan vedtaket gjeld for eitt skuleår om gongen, må du søkja på nytt kvart skuleår.

Søk redusert foreldrebetaling SFO

Klagerett
Du har rett til å klaga om du ikkje får redusert pris. Klagefristen er tre veker etter at du har fått vedtaket. Ei eventuell klage må vera skriftleg. Du sender klagen til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne. Kommunen sitt klageutval, Formannskapet, er klageinstans.