Parkering i Solvorn eller Marifjøra. Av kapasitetsmessige årsaker (parkeringsplassar) kan det vera smart å organisere felles transport frå Marifjøra til kajakknaustet som Luster turlag har i Vedvik.

Frå Vedvik tek det ca 20 min å padle kajakk, medan det frå Solvorn vil ta ca 1 t.

Eikjabu med utedo vart opna 12. mai -18.

Båttransport

Personar som ynskjer båttransport mellom Vedvik og dagsturhytta Eikjabu på Ytre Eikum kan avtale avgang Vedvik og henting frå Eikjabu med båtførar Johannes Vedvik, tlf. 911 33 805.

Pris pr. tur/retur kr 500, 1 t. venting, maks 8 pr. tur, elles kr 300 pr. tur (maks 8).

All båttransport skal avtalast minst ein dag på førehand.