Tenesta kan omfatte bistand, tilrettelegging og rettleiing i dagleglivets praktiske gjeremål, eigenomsorg og personleg stell. Tildeling blir vurdert ut frå den einskilde sine ressursar og funksjonsevne og skal bidra til at den einskilde kan bu heime lengst mogeleg.

For praktisk bistand-opplæring er føremålet å bidra til å gjere den einskilde mest mogeleg sjølvhjulpen i dagleglivet. Vedtak om opplæring skal tidsavgrensast ut i frå ei individuell vurdering og evaluerast.

Søk praktisk bistand

Har du spørsmål om tenesta kan du kontakte einingsleiar:

  • Luster, Liv Norunn Hunshamar: Tlf. 57 68 25 02
  • Gaupne, Tone Kjærvik Kveane: Tlf: 57 68 57 13
  • Hafslo, Ruth Karin Kvam: Tlf: 57 68 58 02