Villrein

Forvaltning,

VILLREIN

Norge har de siste bestandene av villrein i Europa. Vi har derfor et stort ansvar for å ta vare på arten og dens leveområder.

                                -Miljødirektoratet

Vest-Jotunheimen VILLREINOMRÅDE

Vest-Jotunheimen er eitt av 23 villreinområde her i landet. Det er eit av dei mindre områda med ei vinterstamme på 3-400 dyr. Denne reinstamma er etterkomarar av den siste tamreinstamma som var i området. (...)

                                   -Artikkel, Villrein.no

Vest-Jotunheim villreinområde

Vest-Jotunheim Villreinutval

Artikkel: Vest-Jotunheimen -

Norges "villaste" villreinområde?

Reinheimen-Breheimen Villreinområde

Luster Austre Fjellstyre har ein avtale med Skjåk Almenning, slik at løyve som vert skrivne ut frå oss kan (og skal) fellast i sone sør-aust i Skjåk. Talet på løyve varierer, men har dei siste åra lege rundt 30.

 

"(...) Med villreinjakt i Skjåk Almenning, Reinheimen og Breheimen Nasjonalpark er du nær garantert å føle deg i eitt med naturen"

- Skjåk Almenning

Reinheimen-Breheimen villreinområde

Reinheimen-Breheimen villreinutval

Villrein i Sjåk Almenning

villrein4
villrein bukk2
villrein6
villrein bukk0
villrein bukk
villrein bukk1
villrein2
villrein3
villrein5
villrein4
villrein bukk2

Søk om reinsjakt

Me føretrekk at du søkjer med dette skjemaet, men søknader pr epost til fjellstyret@lusteraustre.no vert også tekne med i trekkinga.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

INFO OM LØYVETILDELINGA


Fjellstyret får tildelt reinsløyve frå villreinutvala i mai-juni. Trekkinga blir som regel gjort ca midt i juni, og er basert på faste kriterie som dels er utarbeidde av fjellstyret, og dels fastsette i Fjellova med tilhøyrande forskrift.


Søkjarar som er busette innanbygds får løyve fyrst. Det er kommune-grensene pr 1. januar 1956 (!) som definerer kven som er innanbygds og kven som er utanbygds (her må fjellstyret retta seg etter Forskrift om jakt, felling, fangst og fiske i statsallmenning). I praksis vil det seia at dei som bur i Fortun, Skjolden, Luster, Nes, Gaupne og Vigdal, samt sørsida nord for Kroken skal reknast som innanbygds.


Elles vert søkjarar som ikkje hadde løyve i fjor prioritert. Unge jegrar har prioritet i trekkiga og halv pris på løyvet (gjeld førstegongsjegrar tom året dei fyller 20 år).


Det vert også trekt ut ei liste med reservar. Jegrar som av ulike grunnar ikkje kan nytta seg av løyvet sitt har ikkje høve til å selja det vidare, men må returnera det slik at nestemann på lista kan få tilbodet.


Utsending av jaktkort

Lista over kven som får løyve vert publisert på facebook, og du får ein epost med informasjon og jaktavtale som skal signerast og returnerast saman med prov for at du har teke storviltprøven og betalt jegeravgifta. Jaktkorta vert sende ut pr post når dette er i orden. Faktura kjem i ein eigen epost, du må pårekna at fellingavgifta til staten, samt eit portogebyr kjem i tillegg til prisen.



Me ønsker deg god jakt og flotte dagar i fjellet!