I nominasjonen til årets kulturpris heiter det m.a.:

Kandidaten som i år skal ta i mot kommunen sin kulturpris har vore sentral i kulturlivet i Luster kommune i mange år. Han har engasjert seg over eit breitt spekter av kulturaktivitetar frå ungdomsarbeid og idrett til lokalhistorie og sogeskrivar. I mange lag og organisasjonar, samankomstar av sosial art og ikkje minst som programleiar og visevert har han Kåre vore i fokus. Han har i det heile vore eit ”ja” menneskje av det sjeldne slaget.
I åra etter at Kåre Øvregard slutta som rådmann i Luster, har han vore forfattar av følgjande lokalhistoriske verk:
 
* Skulen i Luster gjennom 250 år og  kom ut i 1996.
* Stølar og stølsliv i Luster kommune som kom ut i i 1999.
* Leirdalen, ei perle i Luster, utgitt i 2003.
* Tiriltunger og brennenesler, ho Brita Moste og andre små soger. Denne boka
    vert også nytta i mange av skulane og kom ut i 2007.
* Jostedal kyrkje. Fakta og segn og soge gjennom 350 år er ei bok som vart til i   
    eit samarbeid med fleire medforfattarar, og utgitt i 2010.
 
Kulturpris 2011 - Kåre Øvregard

 
I tillegg til nemnde bøker har Kåre Øvregard skrive ei lang rekke kortare lokalhistoriske artiklar i publikasjonar retta mot eit lokalt publikum, t.d. i ”Bjønnaposten” og i ”Jostedal skule- og bygdeavis”.
Til saman ein imponerande produksjon av lokalhistoriske skrifter som me kan vera stolte over.
I ein alder av 78 år er han framleis aktiv på mange område.
Akkurat i desse dagar brenn han for Engjadalen. I eit samarbeid med Svein Nybø utarbeidar han og set opp informasjonsplakatar rundt om i Engjadalen. Der vil ein få informasjon av ymse slag som har allmenninteresse for turgåarar, m.a. mykje historisk informasjon.
 
Med grunnlag i denne nominasjonen har Luster kommune vedteke at KULTURPRISEN for 2011 skal tildelast Kåre Øvregard.