Kulturtradisjonar
Kulturlivet i Luster har lange tradisjonar. Luster vart tidleg valt som senter for både nasjonal og internasjonal aktivitet. Heilt attende til 1300-talet er Luster omtala som sete for kongen sitt private sendebod til Island. I fleire hundreår vart Luster og særleg Kroken eit senter for gjester og besøkande frå både inn- og utland. Også i dag er det stor kulturaktivitet i kommunen, både gjennom organisasjonslivet og kulturskulen.

 

Næringsliv
Jordbruk har tradisjonelt vore den viktigaste næringa i kommunen med kjøt og mjølkeproduksjon. Det har vore generasjonsskifte på mange gardar dei siste åra og ei stor satsing på moderne framtidsretta driftsbygningar. I dag er Luster den største sauekommunen i Sogn og Fjordane, og det er og 11 fjøsar med robotmjølkeanlegg. Fruktdyrkinga har minka, men til gjengjeld har jordbær og særleg bringebærproduksjonen vorte ein betydeleg produksjon. Luster er i dag ein av dei kommunane som leverer mest bringebær i landet.


For natur- og kulturinteresserte er Luster eit eldorado. Reiselivet er difor ei viktig næring, med godt utbygde hotell, gjesteheimar, pensjonat, campinganlegg og hytteutleige. Det er og mange verksemder som tilbyr spennande aktivitetar i naturen både på fjord, bre, fjell og elv.
Det er og stor produksjon av vasskraft i Luster kommune. Dei største anlegga er eigde av Statkraft (Jostedalen) og Hydro (Fortun), men det er etablert mange småkraftanlegg.

I Gaupne er det bygd opp fleire moderne verksemder innafor industriell næring. Største verksemda i kommunen er Avery Dennison NTP AS med 130 tilsette, som utviklar og produserer merke (transfers) for bekledning. I gaupne finn ein og Luster Sparebank og handelssenteret Pyramiden.
Luster satsar på å vere ein aktiv part i utviklinga av næringslivet i kommunen, og har lagt til rette med næringsareal. I tillegg kan etablerarane nyte godt av næringsfondet som er bygd opp etter dei mange og store kraftutbyggingane i kommunen.

 

#LusterKommune

Bygdene i Luster
Luster kommune har mange bygdesamfunn.

Gaupne er kommunesenteret med gode servicetilbod og eit veksande næringsliv. I Gaupne ligg òg rådhuset og kommuneadministrasjonen. 
Bilete: #Gaupne#Gaupnefjorden#Gåpn#Lustrabadet

Veitastrond er ei god jordbruksbygd med geitehald som spesialitet. Bygda har fått rassikra vegen dei siste åra.
Bilete: #Veitastrond#Veitastrondi#Veitastrondsvatnet

Solvorn er med sitt kjende strandsitjarmiljø ei av dei best bevarte fjordbygdene - med eit bygningsmiljø som er nasjonalt kjent.
Bilete: #Solvorn#Strandsitjarbygda#WalakerHotell

Marifjøra vart til liks med Solvorn bygt opp i ei tid med sjøvegen som kommunikasjonskanal, og har også eit verdifullt bygningsmiljø.
Bilete: #Marifjøra#Tørvis


Bygda Luster ligg også ved fjorden. Her ligg Dale kyrkje ei vakker steinkyrkje frå 1240-talet. For mange er bygda også kjend for Luster Sanatorium - Harastølen, tuberkulosesanatoriet som var i drift frå 1902 til 1958. Bygningane har seinare vorte brukt til psykiatrisk sjukeheim og asylmottak. Harasølen skal no restaurerast og bli hotell.
Bilete: #Harastølen,  ​#Børestein#Dalsdalen#DaleKyrkje,


Skjolden er endepunktet for Sognefjorden. Her er det fleire reiselivsverksemder og det er bygd cruisekai. Den verdskjende filosofen Wittgenstein bygde seg hus ved Skjolden, dette er restaurert og råd å vitje.
Bilete: #Skjolden#SkjoldenCruisekai 

Fortun har store kraftanlegg som Hydro eig. Her startar og Sognefjellsvegen - Nord-Europas høgste fjellovergang og Noregs første nasjonale turistveg.
Bilete: #Fortun#Sognefjellsvegen


På Ornes finn du Urnes stavkyrkje som er verdas eldste. Ho står på UNESCO si liste over dei mest verneverdige kulturminna i heile verda, world heritage list.
Bilete: #Ornes#UrnesStavkyrkje

Jostedalen er mest kjend som brebygda. I Jostedalen kjem det mange brearmar frå Jostedalsbreen ned i bygda. Nigardsbreen er den mest kjende, her er det dagleg guida breturar i sesongen. Nasjonalparksenteret breheimsenteret ligg ved inngangen til Nigardsbreen.
Bilete: #Jostedalen#Jostedalsbreen#Nigardsbreen

Hafslo er ei god jordbruksbygda som minner mykje om ei austlandsbygd med slake hall ned mot Hafslovatnet. Hafslovatnet er eit svært godt fiskevatn. På Heggmyrane er det skianlegg med både alpinbakkar og langrennsløyper.
Bilete: #Hafslo#Hafslovatnet#Heggmyrane#SognSkisenter