Heimekrins barnehage

Opptaksområda til dei kommunale barnehagane i Luster følgjer opptaksområda til skulane. Dersom barnet ikkje får barnehageplass i heimekrinsen og får tildelt plass i nabokrinsen, er barnehageplassen i nabokrinsen gjeldande for det gitte barnehageåret. Ved neste hovudopptak vert barna automatisk førte over til heimekrinsen dersom det er ledige plassar i heimekrinsen. Rådmannen kan ved særlege omstende fråvika krinsregelen.

Hovudopptak og endring av barnehageplass
Søknadsfrist for hovudopptak er 1. februar med oppstart 15. august. Barnet ditt har lovfesta rett til barnehageplass dersom det fyller 1 år innan utgangen av november. Den lovfesta retten gjeld kun ved hovudopptaket.

Suppleringsopptak – endring og ny plass
Søknadsfrist for suppleringsopptak er 1. november med oppstart 1. januar. Opptak er avhengig av at det er ledig kapasitet.

Løpande opptak
I tillegg er det løpande opptak i perioden 15. august – 1. november og 1. februar – 1. mai. Opptak er avhengig av at det er ledig kapasitet i barnehagen.

Barnehagevedtekter - prioritering for opptak

Klage
Barnehagevedtaket er eit enkeltvedtak med klagerett.
Klageinstans; Rådmannen er underinstans. Klagenemnda er klageinstans.