Psykisk helseteneste

Psykisk Helseteam ynskjer å gje brukarane eit tilbod ut frå kjennskap til den einskilde sine personlege mål, ressursar og problem. Tenesta tilbyr hjelp og oppfølging til brukarar i heile kommunen og samarbeidar med til dømes legekontoret, NAV, helsestasjon, omsorgstenesta og spesialist helsetenesta m.fl.

Du kan få:

  • Tilbod om samtale
  • Hjelp til å styrke ditt sosiale nettverk
  • Støtte og hjelp i heimesituasjonen
  • Fysisk aktivitet
  • Bistand til å kontakte andre hjelpeinstansar

Huset:
Huset er ein møteplass for sosialt samvær og aktivitet. Møteplassen ligg i Nesgården 2, Øyagata i Gaupne.
Opningstider: Måndag 09.00 - 15.00, onsdag 14.00 - 19.00

Fysisk aktivitet: 
Psykisk helseteam legg vekt på fysisk aktivitet i brukarkontakten. Aktivitet og trening gjev energi og overskot til å takle dagleglivet sine utfordringar. Både forsking og erfaring syner at fysisk aktivitet er eit effektivt verkemiddel for å betre psykisk helse. Me samarbeider med frisklivssentralen.

Målgruppe

Tilbodet til psykisk helseteneste gjeld personar over 18 år. Personar under 18 år får tilbod frå helstasjonen.
Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit nytt tilbod til personar frå 16 år og vaksne. Informasjon om dette finn du under "Rask psykisk helsehjelp (RPH)"

Kriterium/vilkår

Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.

Kontakt

Leiar av psykisk helseteam tlf. 57 68 56 34 / 991 68 050
Psykolog tlf. 57 68 56 42 / 918 06 739

Rusteneste

Rustenesta er ein del av psykisk helseteam i Luster kommune.

Målet er å gi oppfølgjing tilpassa den enkelte brukar sitt behov.

Rusarbeidet omfattar mellom anna å gi råd og rettleiing til personar med rusproblematikk, og setje i verk hjelpetiltak slik at ein kan bidra til å komme seg bort frå misbruket.

Rustenesta kan blant anna:

  • hjelpe deg å kartlegge rusproblemet
  • gi hjelp til rusmeistring gjennom samtalar og rettleiing
  • gi hjelp til meistring av gjeremål i dagleglivet
  • bidra til auka livskvalitet i kvardagen
  • delta i samarbeid med andre offentlege tenester

Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk.
Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon til rustenesta i Luster kommune:

Ruskonsulent tlf.: 57 68 56 35 / 950 53 842
Erfaringskonsulent tlf.: 908 93 255

Rask psykisk helsehjelp (RPH)

Rask psykisk helsehjelp er eit tilbod frå Psykisk helseteam til deg over 16 år med lettare form for angst, depresjon eller søvnproblem.

Slit du med vanskelege og triste tankar, er trøtt og sliten eller har mista livsgnisten?
Opplever du at angst og indre uro begrensar deg?
Fungerar du ikkje i dagleglivet på grunn av belastningar eller stress over lang tid?
Har du problem med å sovne, våknar lett eller veldig tidleg?

Her kan du få hjelp, utan lang ventetid, slik at problema ikkje utviklar seg. Målet med behandlinga er at du skal oppleve at du meistrar kvardagen, får det betre og mindre symptom. 

Behandling

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod over ein kortare tidsperiode etter ein systematisk metode. Det er viktig at du er motivert for å kunne få nytte av tilbodet. Tilbodet krev at du sjølv deltek aktivt, blant anna gjennom heimeoppgåver og øvelsar.

Du kan få hjelp til:

  • Å endre tankemønstre og åtferd som skapar problem for deg.
  • Å bli betre i stand til å handtere vanskelege følelsar.

Slik søker du Rask psykisk helsehjelp

For å benytte deg av tilbodet må du sjølv ta kontakt med oss:

E-post: rask.psykisk.helsehjelp@luster.kommune.no
Tlf.: 57 68 56 37

Tilbodet er gratis, du treng ikkje tilvising og du får rask hjelp innan 2 veker.

Pakkeforløp psykisk helse og rus

Pakkeforløpa skal bidra til gode, koordinerte og samanhengande tenester til brukar. Dei skal sikre samhandling mellom brukar, ev. pårørande, fastlege, spesialisthelsetenesta, kommunale helse- og omsorgstenester og andre relevante aktørar.

Dei tre fyrste pakkeforløpa vart lansert i 2018, og teke i bruk frå 1. januar 2019. Det er:

Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, barn og unge
Pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, vaksne
Pakkeforløp for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB)

Meir informasjon finn ein på nettsiden til Helsedirektoratet – Pakkeforløp for psykisk helse og rus.

Koordineringa av pakkeforløp er i Luster kommune lagt til koordinerande eining (KE). For nærare informasjon om pakkeforløpa kan ein kontakte KE sin kontaktperson, konsulent for menneske med nesett funksjonsevne, tlf.: 57 68 57 15, kontorstad: Helsesenteret