Tenesta vert gjeve i private heimar, omsorgsplassar og omsorgsbustader. Dette er i utgangspunktet eit servicetilbod og er ei betalingsteneste. Tryggleiksalarmen er tilknytta mobilnettverket som gjer at du ikkje treng fasttelefon for å kunne ha alarm. Tryggleiksalarmen er kobla opp til alarmsentralen i Sogn og Fjordane. Ved utløysing av alarm tek alarmsentralen direkte kontakt med deg, eventuelt vert alarmen vidarevarsla til den som står først på kontaktlista. Det kan vera pårørande, nabo eller heimetenesta.

Søk tryggleiksalarm her

Har du spørsmål om tenesta kan du kontakte einingsleiar:

  • Luster, Liv Norunn Hunshamar: Tlf. 57 68 25 02
  • Gaupne, Tone Kjærvik Kveane: Tlf: 57 68 57 13
  • Hafslo, Ruth Karin Kvam: Tlf: 57 68 58 02