Her er link til:

 Lokal målsetjing:
Alle program skal utformast med ein introduksjon (a), der elevane skal førebu seg og planlegge gjennomføringa, herunder også forstå målet med programmet.

Sjølve gjennomføringa (b) skal klassen utforme og definere sjølve, gjerne i samarbeid med lokale ressurspersonar og lærar.

Etterarbeidet (c) skal både vera ei oppsummering, samtidig som elevane utfører ei evaluering og lagar ein kort-fatta rapport for innlevering. Dersom tilhøva ligg til rette for det kan enkelte program og eigne seg for ´presentasjon overfor foreldre og event. andre klassar og skuleavisa.

Programlengde:
Klassen legg til grunn ovanforståande tidsskjema som rettleiande og prioriterer sjølve tidsrommet for a – c. Eit viktig poeng er likevel at programmet ikkje er ferdig før pkt. c er gjennomført.

Kostnader:
Alle kostnader med gjennomføringa av programmet er føresett dekka av fellesbudsjettet for DKS.
Ut i frå budsjett og andre rammevilkår vil det vera påkrevd med ei prioritering for den enkelte skule.
Ingen program må setjast i gang før finansieringa er avklara.
Den enkelte skule må sjølve tinga / organisere transport der dette er aktuelt.


Tinging av program:
Kulturkontakten ved den einskilde skule samordnar og prioriterer program for sin skule.

Kontaktperson:
for Den Kulturelle Skulesekken (DKS) i Luster kommune: Erling Bjørnetun tlf.:57 68 55 21.