Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Kven kan få bustønad?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld.

Sjekk om du kan få og søk bustøtte

Korleis søkjer du om bustønad?

Du kan søkje bustønad elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 20. i månaden etter.

Papirsøknader skal du sende til: Luster kommune, Postboks 77, 6866 Gaupne.

Du må melde frå om endringar

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen

  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)

  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)

  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden

  • dersom bukostnadene endrar seg

  • dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar

Klage på vedtak om bustønad

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider
Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk