Ein må søka om serveringsløyve for å kunne drive kafè, restaurant o.l.
Serveringsstaden må også ha godkjenning av Mattilsynet. I tillegg må styraren for verksemda ha greidd Etablererprøva i Serveringslova før serveringsløyvet vert gitt. Serveringslova (lov av 13. juni 1997 nr. 55 om serveringsstader)

Søknad:
Eige skjema skal nyttast. Skjema får de i servicetorget, tlf 57 68 55 00.
Søknaden må innehalda:
- namn og adresse til søkaren
- namn og adresse til styrar og stadfortredar
- opplysning om kvar serveringsstaden skal drivast.
- dokumentasjon på avlagd etablerarprøve.- skatteattest RF-1244 frå skatteoppkrevjaren.
Helsesjefen bør senda standardskjemaet "Spørsmål til skatteetaten om opplysninger etter alkoholloven §1-15 andre ledd og serveringslova §11 første ledd" før løyve vert gjeve.