illustrasjonsfoto barn fotabll

Korleis bidra til at fleire barn og unge er med i fritidsaktivitetar?

Kvifor er det viktig å få med flest mogleg barn med i fritidsaktivitetar? 

Fritidsaktivitetar medverkar til barn og unge si heilskaplege utvikling - både fysisk, kognitivt, sosialt og emosjonelt. Det er ein viktig arena for oppleving av meistring og for å forhindre utanforskap. Ungdata-undersøkinga frå 2021 viser at om lag 1 av 4 på mellomtrinnet og over halvparten på ungdomskulen ikkje er med på noko organisert fritidsaktivitet. Det er difor viktig at dei vaksne rundt barn og ungdom oppmodar og legg til rette for at flest mogleg kan delta på fritidsaktivitetar. Dette gjeld både for å få fleire barn og unge med, og for å hindre at dei sluttar. 

Film frå allemed 

For tilsett som arbeider med barn og unge

 Til dømes lærarar, NAV, helsesjukepleiarar, flyktningtenesta m.m.  

Skule og fritid heng tett saman. Har ein det bra på fritida er det meir sannsynleg at ein har det bra på skulen. Under finn du tips til kva tilsette i kommunen kan gjere for å få fleire barn og unge med på fritidsaktivitetar.  

Samtale  
Til dømes: foreldremøte, utviklingssamtalar, elevsamtalar, samtalar med; helsesjukepleiar, Nav, flyktningtenesta m.m.  

  • Informere om viktigheita av at barn og unge deltek på fritidsaktivitetar (sjå over) 
  • Informere om oversikt over ulike aktivitetstilbod: FRISKUS  
  • Informere om ulike ordningar: 
    Luster Fritidsfond - økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.  
    Luster ungdomstaxi - transport til og frå aktivitetar for 50kr (13-19år).   
    Utstyrssentralen  - lån av utstyr. 

Spørsmål ein kan nytte i samtale 
Med barnet: 

  • Er du med på fritidsaktivitetar?  
  • Korleis trivst du?  
  • Forslag til oppfølgingsspørsmål: 
  • Kva skal til for at du kan trivst betre?   
  • Kjem du på noko som kunne vore annleis?   
  • Ønskjer du å prøve ein annan aktivitet? 
  • Viss barnet ikkje er med på fritidsaktivitetar: 
  • Har du tenkt på ein fritidsaktivitetar du har lyst til å prøve?  
  • Er nokon du kjenner med på ein fritidsaktivitet du kunne tenkje deg å prøve? 
  • Informere om fritidsaktivitetar som finst, og vise lenkje til friskus, samt aktuelle lag og organisasjonar: FRISKUS 

Med foreldre:  

  • Samtale om viktigheita av deltaking på fritidsaktivitetar for barn og unges utvikling. 
  • Kva tenkjer du skal til for at barnet ditt vil bli med? 
  • Informere om ordningane under og korleis ein kan nytte seg av dei. 
    Luster Fritidsfond 
    Luster ungdomstaxi 
    Utstyrssentralen 

For lag og organisasjonar, trenere og frivillige

Under finn du tips til kva frivillige lag og organisasjonar kan gjere for å få fleire barn og unge med på fritidsaktivitetar: 

Det er viktig at frivillige lag og organisasjonar har god informasjon om deira aktivitetstilbod. 
Her er forslag til kva ein kan gjere:  

  • Ha god oversikt på heimeside, Facebook, evt. anna
  • Gjer det enkelt å finne kontaktinformasjon til laget/organisasjonen; kven skal ein kontakte for å vere med? 
  • (Her kan ei felles e-postadresse vere ein god ide)
  • Leggje ut alle aktivitetar i Friskus. Meir info om Friskus i Luster og oppskrift korleis ein brukar det:  Friskus Luster.  
  • Leggje til rette for at barn, uavhengig av funksjonsevne og andre særskilde behov, kan delta.  
  • Oppmode og bidra til samkøyringsordningar 
  • Tilgang på relevant utstyr som kan lånast ut  
  • Arrangere/oppmoda om bytekveldar eller liknande 
  • Ha dialog med dei som er med på aktivitetane
  • Informere om relevante ordningar 
    Luster Fritidsfond. Økonomisk støtte til fritidsaktivitetar.  
    . Transport til og frå aktivitetar for 50kr (13-19år).  
    . Lån av utstyr. 
  • Bruke verktøykassen på allemed.no i din organisasjon for å auke fokus på inkludering: verktøykasse på allemed.no 

FriMoro – ferieaktivitetar

FriMoro arrangerast i sommarferien, haustferien og vinterferien og er eit arrangement i regi av Luster Kommune i samarbeid med lokale lag og organisasjonar som Gaupne helselag, Lions Club Luster og Luster frivilligsentral. FriMoro er eit arrangement for 4.-7. trinn. Det er også tilbod om aktivitetar i sommarferien for 8.-10. trinn.

Frå 2021 har det vore arrangert ferieaktivitetar i haust- og vinterferie. Det er då tilbod for både 4.-7. trinn og 8.-10. trinn. Eksempel på tidlegare aktivitetar er skidag, sykkeldag, aktivitetsdag i idrettshallen og Lustrabadet, LAN og klatring.

Løpande informasjon vert lagt ut på facebook sida til FriMoro.

Flexid-kurs og mentorordning

Flexid er eit kurstilbod for ungdom med krysskulturell bakgrunn frå 14 år og oppover. Kurset handlar om at ungdommane skal bli betre kjend med eiga identitet, tryggare på kven dei er og kva bakgrunn dei har – slik at dei kan lære å sjå seg sjølv som ein ressurs og brubyggar i samfunnet.

Kommunen har to tilsette som no er under sertifisering for å halde flexid-kurs. Om du ønskjer å vere med på eit kurs kan du ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på tlf. 94156230 eller på e-post: Ingrid.mork.nygard@luster.kommune.no eller Armando Navarro på tlf. 45979559 eller på e-post: Armando.navarro@luster.kommune.no.

Her kan du sjå filmen for meir innblikk i flexid.

Mentorordning

Kommunen har to tilsette som har teke den nasjonale mentoropplæring om førebygging av radikalisering mot valdeleg ekstremisme. Dette er ei opplæring som gjer at dei tilsette har eit betre grunnlag til å gje vegleiing og bli kopla på saker der det er fare eller frykt for at personar er i gong med ein radikaliseringsprosess.

Om du ønskjer meir info, har aktuelle saker eller spørsmål kring dette – ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på tlf. 94156230 eller på e-post: Ingrid.mork.nygard@luster.kommune.no eller Armando Navarro på tlf. 45979559 eller på e-post: Armando.navarro@luster.kommune.no.

Folkehelsearbeid og Folkehelseoversikt

Du og eg har ansvar for eiga helse. Kommunen har ansvar for å legge til rette for dei gode vala, både direkte og indirekte. Kommunen skal bruke alle sine sektorar i dette arbeidet.

Det overordna målet for folkehelsearbeid er fleire leveår med god helse, og å redusere sosiale forskjellar. Ei sunn og frisk befolkning er kommunen sin viktigaste kapital.

Folkehelsearbeid i Luster

Kommunen skal ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga og faktorar som kan påverke innbyggarane si helse. Folkehelseoversikta er eit viktig kunnskapsgrunnlag som blir lagt til grunn både for kommunalt planarbeid og for konkrete tiltak som blir sett i verk.

Folkehelseoversikt 2024 -2028, Luster kommune

Folkehelseoversikt 2020–2023, Luster kommune

Systematisk Folkehelsearbeid

 

Juleglede gruppe

Juleglede

Me er ei tverrfagleg samarbeidsgruppe i Luster Kommune som jobbar med «juleglede».

Denne gruppa er samansett av representantar frå frivillige lag og organisasjonar. I år er me så heldige å ha fått med oss ein prosjektleiar frå Luster kommune til å koordinere arbeidet.

Me samarbeidar om å gje familiar med økonomiske utfordringar mogelegheita til å ta imot ei juleglede.

Det kan vere mange ulike grunnar til at menneske får økonomiske utfordringar. Livet gjev oss ingen garantiar og det kan skje noko som fører til at økonomien blir sett på prøve. Om ein har forsørgjaransvar vert dette sjølvsagt ekstra vanskeleg.

Å ha dårleg økonomi er ofte forbunde med skam, og det kan vere vanskeleg å snakke om. Skilnadane mellom dei som har mykje og dei som har lite er store, og det kan vere vanskeleg å be om hjelp dersom ein ikkje får midlane til å strekke til.

«Juleglede» skal bidra til at familiar som har behov for det skal kunne få ei personleg julegåve til barna i alderen 0-18 år.

Det er moglegheit å fylle ut eit enkelt skjema der ein er heilt anonym. Meir informasjon om korleis du skal gå fram dersom du ynskjer å sende inn skjema, finn du på Luster Kommune sine heimesider.

Kvart år arrangerer me også eit gratis arrangement for alle barn, unge og vaksne i Luster, dette er for å bidra til at alle skal få like moglegheiter til å delta på eit kulturtilbod i kommunen, uavhengig av familien sin økonomiske situasjon.

Me har oppretta Vippskonto til dette føremålet gjennom Luster Røde Kors, og i den samanheng vil me oppfordre både bedrifter og privatpersonar til å gje eit valfritt bidrag til dette føremålet.

Vipps # 519965 – Juleglede (Luster Røde Kors)

eller

Kontonr.: 3785.12.25871

 

Ved spørsmål, ta gjerne direkte kontakt med oss på telefon 470 13 690 (Luster Røde Kors)

Nyheitsbrev Livsmeistring robuste barn og unge
Livsmeistring robuste barn og unge

Livsmeistring – Robuste barn og unge

Livsmeistring – Robuste barn og unge er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogndal – og Luster kommune. Målet er å gi barn og unge like moglegheiter til å utvikle ei god og robust psykisk helse slik at dei vert betre rusta til å takle medgang og motgang i livet uavhengig av kvar dei bur, kva barnehage eller skule dei går på og kva styrar eller rektor dei har.

Film om prosjektet

 

Nettomtale

Temakveld med Dora Thorhallsdottir «Relasjonar med barn»

Føresette og tilsette som jobbar med barn og unge i Luster – og Sogndal kommune fekk måndag 21. mars oppleve eit inspirerande føredrag krydra med humor med relasjonsterapeut Dora Thorhallsdottir.
Dora gav gode råd og konkrete reiskap til korleis skape ein nær, kjærleg og slitesterk relasjon til barn. Ho kom og med konkrete råd som er aktuelle i andre relasjonar; parforhold, venner, på arbeidsplassen etc.

  1. Evna til å møte andre er avhengig av korleis me har det med oss sjølv.
  2. Det gir ein magisk effekt å starte setningar med «Eg»: «Eg tenkjer at…» , «Eg vil at…» det er tydeleg og då tek du ansvar for kva du seier. Unngå å bruke «du, man, vi», det provoserer og er irettesettande.
  3. Ver tro mot deg sjølv og ver tydeleg på eigne grenser: «Eg vil gjerne», «Eg vil ikkje». Det gir ikkje rom for tolking. Du er innom deg sjølv, det er indrestyrt og genuint. For å kunne hjelpe andre må du ha det godt med deg sjølv.
  4. Ver tro mot deg sjølv og kjenn etter om dette er noko du vil, bør, skal eller må.
  5. Skil sak og person og anerkjenn kjensler. Å tole barna sine kjensler er ubetinga kjærleik i praksis. Sett ord på kjenslene: «Eg ser at du er sint, men eg vil ikkje at du slår systera di».
  6. Fortel kva du vil og unngå å bruke ordet «ikkje» i starten av setninga. «Eg vil at du skal kome heim».
  7. Gi aleinetid med kvart einskild barn.
  8. Aktiv lytting: Unngå å bruke spørjeordet «kvifor» det gir kjensle av å bli angrepet.
  9. Velg dine kampar. Ta dei kampane som er verdt å ta- barn treng kjærleik- så kjem folkeskikk av seg sjølv.
  10. Vis at du bryr deg og si det høgt, det er det barn treng. Barn klarer seg når dei veit at dei vaksne bryr seg og liker dei.
  11. Personleg tilbakemelding i staden for å bruke ordet «flink», som vert opplevd som manipulerande. «Du brukar fine fargar».
  12. Me vaksne er rollemodellar. Barn gjer som me gjer og ikkje som me seier. Obs dersom vaksne brukar mykje tid på telefonen sjølv.
  13. Har barn god sjølvkjensle (liker seg sjølv som dei er) vil dei stå stødig i livet og tole store orkanar, vaksne må bygge opp sjølvkjensla og ikkje sjølvtilliten til barna:
    «Det er ikkje kva eg gjer som avgjer min verdi- men den eg er».

Fekk du det ikkje med deg? Her kan du sjå opptak av føredraget: 

Ungdomsklubb

Ungdomane i Luster har lenge ynskt seg ein plass dei kan henge. No har dei endeleg fått det dei ynskja seg. Vinteren 2023 opna det to nye ungdomsklubbar i Luster - ein på Hafslo og ein i Gaupne.
Ungdomane har gjort ein stor innsats i utforminga og oppussinga av lokala. Det har vore fleire dugnader der både ungdomane og føresette har gjort ein fantastisk jobb. Begge ungdomsklubbane har eit ungdomsstyre som har valt korleis klubbane skal sjå ut, og dei har vore mykje involvert i oppussinga av lokala. Ungdomsstyret er òg med på å avgjere kva som skjer på klubbane og korleis dei skal vere. På ungdomsklubbane finst aktivitetar som bordtennis, Playstation, dataspel, brettspel m.m. Begge klubbane er opne ein gong i veka.

Opningstider:
Oddetalsveker
Hafslo: onsdag kl. 14.30-20.00
Gaupne: torsdag kl. 15.00-20.00
Partalsveker
Hafslo: torsdag kl. 14.30-20.00
Gaupne: onsdag kl. 15.00-20.00

Meir informasjon om kva som skjer på ungdomsklubbane og opningstider finn du på:
Instagram: ungdom_i_luster
Snapchat: ungdomiluster
Facebook: Ungdomsklubbane i Luster

Ønskjer du å bidra eller har spørsmål? Ta kontakt med oss!

Ingrid Mork Nygård, tlf. 94156230 eller e-post: Ingrid.mork.nygard@luster.kommune.no

Thomas Haugen, tlf. 41293210 eller e-post: thomas.haugen@luster.kommune.no

Vilde Nordlid, tlf. 48065651 eller e-post: vilde.nordlid@luster.kommune.no

Politisk Frivilligheitserklæring

Etablering av politisk frivilligheitserklæring i Luster kommune

«Innbyggjarane som bur i kommunen er vår viktigaste ressurs og i Luster kommune er det mange frivillige. Den frivillige innsatsen er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Et godt samspel mellom kommunen og frivilligheita er nødvendig for å møte dei utfordringar og moglegheiar som følgjer samfunnsutviklinga»

https://luster.custompublish.com/etablering-av-politisk-frivilligheitserklaering-i-luster-kommune.6621601-157426.html

 

 

Rocket-Man – Luster

I 2023 skal det startast opp ein avdeling av konseptet Rocket-Man i Luster. Dette er eit alternativ fritidstilbod for ungdom med fokus på meistring, tilhøyrsle og tryggleik. I Rocket-Man får ein moglegheit til å vere med på mange ulike spennande aktivitetar ilag med andre ungdommar og unge vaksne. Me hadde i april besøk av dei som starta konseptet. Der fekk me høyre historia bak og deira erfaringar. Dette vart ein sterk og fin dag for alle som var med.

Kjenner du nokon du tenkjer Rocket-Man kunne passe bra for?
Då kan du snakke med ungdom og føresett og saman sende inn eit søknadsskjema. Sjå søknadsskjema her

Ønskjer du å bidra i Rocket-Man Luster? Me treng trygge vaksne og aktivitetsguidar!
Aktivitetsguidar: Unge vaksne (ca. 18-30 år) som vil vere med på ulike aktivitetar saman med ungdom vekentleg – både fellesaktivitetar og individuelle aktivitetar.
Trygge vaksne: Frivillige som vil bidra med det dei ønskjer – køyre til aktivitetar, lage mat, bidra i planlegging m.m.
Ta kontakt på tlf 941 56 230 eller e-post luster@rocket-man.no ved spørsmål eller ønskje om å bidra!

For meir informasjon sjå:
www.rocket-man.no
Facebook: Rocket-Man Luster
Instagram: Rocketmanluster

Samarbeid om møteplassar for alle i bygdene

Kommunen ønskjer å vere ein samarbeidspart for lag og organisasjonar i bygdene som ønskjer å arrangere møteplassar for alle i bygdene. Det er no oppretta dialog med nokre lag og organisasjonar og me ønskjer å ha samarbeids- og idemyldringsmøter med jamne mellomrom.  Ved å jobbe på denne måten oppnår me samskaping!

Dette er ei vidareutvikling av tiltaket – generasjonsmøteplass, som har vore arrangert i fleire bygder.

Har du ønskjer eller spørsmål kring dette? Ta kontakt med Ingrid Mork Nygård på 94156230 eller Ingrid.mork.nygard@.luster.kommune.no.

Stolpejakta i Luster

IL Bjørn, IL Fanaråk, Hafslo IL, Veitastrond IL og Luster IL i samarbeid med Luster kommune, ønskjer deg velkommen til Stolpejakta i Luster.

Stolpejakta i Luster er eit gratis lågterskeltilbod for alle! Her jaktar du stolpar i ditt nærmiljø – og du kan sjølv velje om du vil gå, sykle eller springe for å finne stolpane. Mange av stolpane kan også nås med rullestol. Det er eit flott opplegg for skuleklassar og SFO å nytte seg av.

Følg med på stolpejakten.no og Facebook-sida «Stolpejakta i Luster» for å sjå info om ny sesong.

Me ber deltakarar i Stolpejakta om å unngå å køyre bil inn i bustadfelt for å registera stolpar. Parker på egna plass og gå til stolpane. Ta også omsyn til privat grunn – gå rundt, ikkje gjennom hagar, gardsrom, private parkeringsplassar og liknande.

Meir info finn du her:
https://stolpejakten.no/arrangor/lusteridrettsrd
https://www.facebook.com/Stolpejakta-Luster-105687082133690/

Styrkebasert utvikling – ABCD modellen

  1. Luster kommune vil ta i bruk metoden Styrkebasert ABCD modellen.

Asset-Based Community Developmenthar oppstått for å skifte fokus frå utfordringar til ressursar i lokalsamfunnet.

Meir informasjon i her

Styrkebasert tilnærming til lokalt folkehelsearbeid

Trygge lokalsamfunn

Luster vart godkjent som Trygt Lokalsamfunn i 2016.
Trygge lokalsamfunn, eller Safe Community er eit WHO – konsept, og er ein systematisk måte å jobbe med førebygging av skader og ulykker på. Forsking viser at denne modellen har effekt, og at ulykkerisikoen for mange aldersgrupper og skadetypar kan reduserast med 25 til 40 prosent dersom ein klarer å mobilisere sentrale instansar, næringsliv og frivillige organisasjonar i eit samordna arbeid både lokalt og regional. Godkjenninga set ein kvalitetsstandard som kommunen no forpliktar seg følgja.

Styringsgruppa - Folkehelseråd

  • Ordførar (leiar)
  • Rådmann/ass. rådmann
  • Lensmann i Luster
  • Kommunalsjef oppvekst
  • Rådgjevar eigedom
  • Helsesjef/kommuneoverlege
  • Leiar NAV
  • Folkehelsekoordinator

Trygge lokalsamfunn er ein viktig del av folkehelsearbeidet og merkesaker for Luster i dette arbeidet er:

  • Trygg skuleveg – gå/sykle til skulen
  • Trygge eldre – førebygging av fall
  • Folkehelseoversikt - dokument
  • Lokal skaderegistrering

Skadeforebyggende forum har det nasjonale sekretariatet for Trygge lokalsamfunn.

Trygge lokalsamfunn i Luster kommune

Ungdomslos

Ungdomslosen er eit tilbod for elevane på ungdomsskulane i kommunen; for å auke trivsel på skulen, auke mestringskjensle og for å førebygge fråvær. Ungdomslosen skal samarbeide tett med foreldra til ungdomane eller andre omsorgspersonar og hjelpe dei med å støtte ungdomane sin skulegang.

armando.jpg

Kva kan ungdomslosen hjelpe til med? 

  • Planlegge lekser og studieteknikk
  • Sortere tankar og kjensler
  • Takle nervøsitet
  • Støtte- og motivasjonssamtalar med ungdom
  • Vekking/køyring/henting til og frå skulen (i avgrensa tidsperiode)
  • Hjelpe til med å strukturera kvardagen og få god døgnrytme
  • Skape nettverk og sosiale relasjonar
  • Motivere og lose inn i aktivitet på fritida
  • Bli med ungdomen i møte med ulike instansar
  • Vere med på overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande opplæring
  • Hjelpe og motivere ungdom til å kome i kontakt med hjelpetenester
  • Eller hjelpe til med andre type tiltak som ungdomane treng for at dei skal oppleve kvardagane sine som gode

Ungdomslosen skal hjelpe ungdom når dei sjølv ynskjer det og kan møte ungdomen på

deira arena, samt vere til stades når ungdomen treng nokon å snakke med.

Korleis kome i kontakt med ungdomslosen?

Privatpersonar, skular eller andre offentlege tilsette kan ta direkte kontakt med ungdomslosen. For å avtale møte kan du enten ringe eller sende ei melding på: 45979559 eller på e-post: Armando.Navarro@luster.kommune.no