Bilderesultat for bål

Dette har du lov til:

  • Kaffibål, pølsebål og bål på utepeisar. I I tidsrommet 15.04 - 15.09 må du ha løyve frå brannvesenet
    (tlf 48 29 69 29) for å laga bål i utmarka.
  • Bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanom tettbygde strok (sjå kart).
  • Jonsokbål utanfor tettbygde strok (sjå kart).
  • Ranke- og flatebrenning i skogbruket utanfor tettbygde strok.
  • Halm- og kvistbrenning i jordbruket utanfor tettbygde strok.
  • Brenning av rivingsmaterialar og anna etter søknad, sjå søknadsskjema. Det vert ikkje gjeve dispensasjon til brenning av måla eller impregnerte materialar.

Dette har du ikkje lov til:

  • Det er det forbode å gjere opp eld i skog og utmark i heile landet mellom 15.04. og 15.09, jf forskrift om brannførebygging Det er likevel tillate å gjera opp eld der det åpenbert ikkje kan medføra brann. Sogn Brann og Redning kan gje dispensasjon.
  • I områda som er definerte som tettbygde (sjå kart) er all brenning forbode med unntak av ved i vedomn (og avfallsvirke i vedomn dersom det ikkje er måla eller impregnert).
  • Det vert aldri gjeve løyve til å brenna møblar og inventar, hushaldsavfall, plast og det meste anna avfall. Reint trevirke er det einaste materialet kommunen kan gjera unntak for.

Sogn Brann og Redning skal alltid varslast på tlf. 48 29 69 29.