Juleheftet Bjønnaposten

har vorte ein tradisjon som alle set stor pris på. Det er eit fantastisk arbeid som her vert lagt ned - i å skriva, samle stoff og redigere eit hefte på omlag 80 sider. Det meste av arbeidet, og ansvaret for at produksjonen skjer innanfor tidsfristar og avtalar er privatpersonen Torodd Joranger si ære. Utan hans interesse og iver for å produsere dette innhaldsrike heftet ville det neppe vorte laga – på dugnad!

Det er viktig for utgjevar og innbyggjarane i kommunen vår at slike oppofrande gjerningar vert lagt merke til - og sett pris på!

Bjønnaposten såg dagens lys i samband med skipinga av idrettslaget Bjørn i 1966. Det fyrste nummeret kom ut til jul i 1967 altså for nøyaktig 40 år sidan. Lagsbladet hadde som hovedfunksjon å fylla behovet for aktiv kommunikasjon mellom idrettslaget, foreldre og føresette – og ikkje minst dei aktive barn og unge innan ulike aldersnivå og idrettsgreiner.

Det grunnleggjande og overordna målet med Bjønnaposten var naturlegvis å fremja dei mange ideane og føremåla  med idretten generelt og det som idrettslaget spesielt bygde sin aktivitet på.

Bjønnaposten sitt julehefte ”Julehelsing” frå Bjønnaposten kom ut allereie første året, og vart svært godt motteke i bygdene våre.

Vore med frå tidleg på 1970-talet

Tidleg på 1970-talet kom kulturpriskandidaten vår med i denne delen av lagsarbeidet, mest truleg sidan han hadde ein viss bakgrunn frå mediaarbeid i ei herverande lokalavis. Som i andre lagsaktivitetar i eit stort idrettslag er det gjerne slik at arbeid og oppgåver må fordelast på fleire sokalla nøkkelpersonar, og arbeidet med Bjønnaposten er heller ikkje noko unnatak i så måte. Både Kåre Øvregard, som i si tid tok initiativet til å starte opp med lagsbladet, men også Jon Halveg, Alf Henning Evjestad, og Ove Nyland har vore med som redaktørar og sentrale medarbeidarar i   desse åri etter 1967.  

Torodd Joranger vart frå 1989 den personen i idrettslaget som tok ansvaret og løfta produksjonen til det nivået som me no har sett resultatet av i dei siste utgåvene. Det er reint teknologisk at Bjønnaposten har gjennomgått den største utviklinga.

”Heimelaga” produkt

Etter at Torodd Joranger kjøpte seg PC sjølv, og fekk installert dei nødvendige programma for å kunne arbeida med grafiske produksjonar, har stort sett alt arbeidet vorte utført lokalt. Sjølve trykkinga av bladet har også føregått lokalt – nærare bestemt i eit nært og godt samarbeid med Sogne Prent i Sogndal.

Redaksjonelt har innhaldet vorte meir og meir orientert mot det å vera eit julehefte. Sjølv om innhaldet vekslar mellom historiar, portrett og naturopplevingar - heng likevel ”dagens idretts-aktivitet” med som ”nissen på lasset”! Utfordringane er nok fleire, men for å sitere ein tidlegare ”bladmann” og redaktør av Jol i Sogn: ”Alle vil ha, og alle vil lesa om det som er kjekt (!), men det er etterkvart langt mellom dei som skriv …..”

Denne forma for lokalprodusert litteratur har naturlegvis ein sideeffekt som heller ikkje kan bli forbigått. Innhaldet og presentasjonsforma er med på å styrkja identiteten vår. 

Som det også har vorte framheva i nominasjonen til årets kulturpris så har dette juleheftet vorte ”ei gullgruve” og eit skattkammer for den lokale kultur- og idretts-soga  i heile kommunen vår. Bjønnaposten vert mykje brukt som ei julehelsing til familie og venner som også bur andre stader. Den vert såleis spreidd over heile landet og enno vidare. Bjønnaposten er so visst vorte ein kjær og etterlengta lesnad for svært mange – ja, eg torer påstå for oss alle! Torodd Joranger har her lagt ned eit stort arbeid, og brukt mykje fritid og energi til stor glede for oss andre!

Prisen til dei mange

I takketalen sin trekte Torodd Joranger fram dei mange som hadde vore med å produsere dette bladet frå sitt opphav i 1967 og fram til i dag, og ville så gjerne dele heideren med alle desse. Og han var glad og stolt over at kommunen med denne prisen ville setje pris på det arbeidet som hadde vorte gjort desse 40 åra.

Kulturprisen 2007 - Torodd Joranger.jpg