Kurset vart halde av ressurspersonane i NOK. Sogn og Fjordane, tidlegare Senter mot incest og seksuelle overgrep Sogn og Fjordane.
På kurset torsdag i samfunnsbygget på Hafslo møtte også representantar frå politiet og helsestasjonen.  


«Hjartesamling» er ein metode for å kunne gje barn eit språk og verktøy til å kunne fortelje om det som er vanskeleg. Sentrale tema er berøringar, kjensler, mobbing, hemmelegheiter og kroppen.

Arrangør av samlinga var Oppvekst i samarbeid med folkehelseprosjektet Livsmeistring: Robuste barn og unge, eit samarbeidsprosjekt mellom Luster kommune og Sogndal kommune. Ei tilsvarande samling skal haldast for barnehagane i Sogndal neste veke.

«Med Oppvekstreformen som bakteppe så vert kommunane oppmoda om å satsa endå meir på førebygging og tidleg innsats. Innføring av «Hjartesamling» vil vera med på å styrka det førebyggjande arbeidet i Lustrabarnehagane og Luster kommune», seier kommunalsjef oppvekst, Knut Åge Teigen.

Marte Krogstadmo, prosjektleiar for livsmeistringsprosjektet Robuste barn og unge supplerer: ««Å gje barn kunnskap om kropp og seksualitet er ikkje farleg.

Hjartesamling er ein enkel og god metode som barnehagane kan bruke i samtalar med barna for å gje dei kunnskap om desse viktige temaa.  

Metoden gir barnehagane eit godt system på korleis dei kan jobbe med dette slik at ungane blir i betre stand til å beskytte seg sjølv, seie ifrå og respektere andre sine grenser.»