Konsesjonslova av 31.mai 1974 bestemmer at all overtaking av fast eigedom, m.a ved arv, gåve, kjøp og stifting av bruksrett for lengre tid enn 10 år, er konsesjonspliktig. Konsesjon må søkjast på fastsett skjema. Ei konsesjonspliktig overtaking kan ikkje tinglysast før konsesjon er gjeve.

Skjema for søknad om konsesjon på fast eigedom

Lov om konsesjon

Skøyte, kjøpekontrakt, leigekontrakt eller anna avtale samt takst skal leggast ved søknaden i den grad slike dokument føreligg.

Søknaden vert handsama av kommunen etter innbetalt gebyr. I kurante saker har landbrukssjefen avgjerdsmynde. Andre saker vert handsama av forvaltningsstyret.

 Ved innvilga konsesjonsvedtak fører kommunen konsesjonsvedtaket i matrikkelen. Kjøpar mottek melding frå kommunen om at søknaden er godkjent og konsesjonsvedtaket er ført i matrikkelen. Kjøpar kan deretter sende skøyte til Kartverket Tinglysingen for tinglysing. Dersom kjøpar sender inn skøyte til Kartverket utan at kommunen har registrert konsesjonsvedtaket i matrikkelen, vil skøyte bli avvist eller nekta tinglyst.

Dokumentet/ skøyte som skal tinglysast skal sendast til Kartverket Tinglysning, Postboks 600 Sentrum, 3507 Hønefoss.

 Informasjon om eigenfråsegn om konsesjonsfri overtaking av fast eigedom.