Jordbruksareal omfattar fulldyrka areal, overflatedyrka areal og innmarksbeite. Klassifiseringane er definert ut frå arealdatabasen til Skog og landskap (NIBIO) og areala kjem fram på gardskartet til kvar eigedom. 

For at driveplikta skal vera oppfylt, må produksjonseigenskapane på jorda oppretthaldast slik at arealet kan nyttast til vanleg jordbruksdrift med moglegheit for normal avling. Dette inneber at areala må haustast og kultiverast årleg.

Driveplikt når eigar vel å driva sjølv
Eigar som vel å oppfylla driveplikta sjølv, må stå faktisk og økonomisk ansvarleg for drifta. Dette inneber ikkje at eigar eigenhendig må stå for drifta, men jorda må drivast for eigar si rekning og risiko. Eigar må vera den som planlegg drifta og står ansvarleg for innkjøp av driftsmidlar og sal av produkt.

Driveplikt når eigar vel å leiga bort jordbruksarealet
Eigar av jordbruksareal kan oppfylla driveplikta ved å lata nokon andre ta seg av drifta av arealet. Når ein avtale om bortleige av jordbruksareal er inngått, skal eigaren sende kopi av avtalen til kommunen som skal kontrollera at vilkåra for bortleige etter jordlova § 8 er oppfylt.

Krav til avtale
Avtalen må ha ei varigheit på minst 10 år om gongen, og avtalen må vera skriftleg og føra til gode driftsmessige løysingar. Dette er ikkje til hinder for at eigar kan driva deler av eigedomen sin sjølv. Eigar kan og velja å leiga bort deler av eigedomen til ein leigetakar og ein annan del til ein annan leigetakar. Utleigar skal ikkje ha høve til å seia opp leigeavtalen i løpet av leigeperioden. Om det går fram av leigeavtalen, kan leigetakar på si side seia opp avtalen i 10-års perioden.

Leigeavtalen kan ha varigheit ut over 10 år, men i slike tilfelle må avtalen ha eiga godkjenning både etter frådelingsparagrafen i jordlova, § 12, og konsesjonslova.

Skjema for jordleigekontrakt som oppfyller krav til avtale jf. jordlova § 8 finn du nedanfor

Brot på driveplikta
Straffereaksjonar på ev. brot på driveplikta går fram av jordlova, jf. §§ 8 og 20.

Jordleigeavtale  

Jordlova

Gardskart

Meir info om driveplikt og jordleige– Statsforvaltaren i Vestland

Kommunale retningslinjer for handsaming av jordlovsaker