Det kan gjevast tilskot til eigar av eller føretak som leiger tidlegare grøfta jordbruksareal. For planerte areal kan det gjevast tilskot til areal som ikkje er grøfta tidlegare, øvrige areal må ha vore grøfta tidlegare for å ha rett på tilskot. Det kan gjevast tilskot til drenering, grøfting, systematisk grøfting, profilering og omgraving. Tiltak der dreneringa både gjev auka jordbruksproduksjon og reduserer faren for vassforureining skal prioriterast.

Søknaden skal innehalde plan for drenering av arealet med beskriving av tiltak, samt kart og miljødokumentasjon. Landbruksdirektoratet har utarbeida søknadsskjema,  plan for drenering  og miljødokumentasjon  kan nyttast som vedlegg til søknaden. Tilskot kan ikkje gjevast til tiltak som er påbyrja før kommunen har løyvd tilskot.

Sjå utfyllande informasjon om tilskot til drenering av jordbruksjord, og forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord.  

For fagleg informasjon sjå www.hydroteknikk.no og fagheftet Drenering, teori og praksis 2013

 

Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2 000 kr per dekar. Ved anna grøfting kan det gjevast 30 kr per løpemeter grøft avgrensa opp til 2 000 kr per dekar. Berekna tilskot under kr 3 000 per søknad vert ikkje utbetalt.

Søknadsfrist
Søknader vert handsama fortløpande fram til  1. oktober .

Drenering/grøfting av jordbruksjord - tilskot